25.07.2013 Views

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

136 Skrifter i Samling III

det fyre Villa og Galenskap og teket imot det med

Spott og Spe; men lika vel heve daa Umbrøytingi

fenget Framgang, og Etterkomararne hava funnet

seg myket vel ved det.

MINNINGAR FRAA MAALSTRIDEN

UM HAUSTEN 1858.

Det vil vera mange, som minnast, at det no fyre

eit Bil sidan var ein Strid um det norske Maalet,

elder fyrst og fremst um Retten til at skriva Bøker

i dette Maalet. Vistnog var det so med deim, som

berre lesa dei største Avisorna, at dei fingo alt for

liti Greida paa denne Saki; for so vidt eg minnest,

var det eit elder tvau av dei store Dagbladom, som

gav heile lange Talar imot det norske Landsmaalet,

men inkje eit einaste Stykke til Forsvar fyre det;

so at deira Lesarar vist maa ganga med myket

uklaare og einsidelege Tankar um Tingen. Men so

er det andre Folk, som kunna minnast, at der fraa

ymse andra Sidor kom tvau elder try Innlegg til Forsvar

og Verja fyre Landsmaalet; vistnog vaaro dei

nokot stutte og samantrengde, so at eg vonar, at

denne Parten hever myket meir til at segja, naar han

fær Tid og Tilføre til det; men so var det daa alltid

so myket, at ymse Grunndeilder av Spursmaalet vordo

nokorlunda avgreidde. Det var merkande ved denne

Striden, at det denne Gongen gjekk ut paa det reine

Landsmaalet og inkje paa det sokallade dansk-norske

som fyrr, og dernæst at Talsmennerne fyre Norsken

talade i ein sterkare Tone, en dei fyrr hava gjort.

Dette hadde dei vonlega lært av Motparten, sidan

han no i sidste Tidom hadde sett alle sine Paastand

fram med slik ein Djervskap og i slik ein avgjord

Tone, som um han berre skulde segja: «So er det,

og so skal det vera.» Dette tyktest vel desse Talsmennerne

hava vel so god Rett til som hine, og difyre

svarade dei i same Tonen. «So er det, og so

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!