25.07.2013 Views

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

134 Skrifter i Samling III

verd det altfor stor Skilnad ifraa Aalmennings-Talen,

og daa er det mindre Von til, at det kann hava

nokon Framgang. Ein Einskap lyt det daa eingong

verda i alle desse Freistnadar; for det er alltid merkande,

at so kjent og tilvant som dette Maalet er i

Talen, so er det daa nytt og uvant i Skrift, og difyre

lyt det liksom strida seg fram baade mot gamle

Vanar hjaa sjølve Folket og mot idelegt Motstand

av ymse skrivande Folk, som korkje kjenna Landsens

Maal elder Landsens Folk, og som berre tru,

at det, som dei inkje sjølve kunna, det skal helder

ingen annan kunna. Av slike Grunnar trur eg, at

slik ei sterk Attervending til dei gamle Formerna

inkje vilde vera tilraadande, og at det er best aa

halda fram med ei lempelegare Maalform, som kann

stydja seg paa den livande Talen i hans eldste og

beste Lag, soleides at ein vel maa retta paa alt det,

som er forvanskat i Talen, men ellers lata Landsens

Eignamerke i Maalet faa njota sin Rett.

Eg maa her, framfyre alt annat, nemna desse Endingarne

med «i», som ero gjenomførde i Boki, til

Exempel: uppi, fyri, vildi, havdi, endi, frelsi, eignir,

vinir, mennirni, bøndrni. Det er vel nog, at det heve

voret «i» fraa fyrste Upphavet og at «i» er gjenomjørt

i Islandsken og finst myket tidt i gamla Skrifter,

famsides med «e»; men det er og merkande, at rette

Uttalen maa vera som open «i» (inkje lukt som ii)

og soleides myket likt med «e»; dette er ogso den

aalmennaste Uttalen her i Landet, og dette høver

ogso vel til den tilvande Skrivemaaten i Svensk og

Dansk og fleire Maal. Difyre trur eg, at det her er

betr aa skriva «e» en «i».

Ymse gamle Genitiv-Former ero her innførde i stor

Mengd, t. Ex. sonanna (D. Sønnernes), tidinnar (D.

Tidens). Dei hava fulla sin gode Grunn, men dei

ero myket ukunnige fyre Aalmugen, som i slike

Tilfelle brukar Samansetning og ymse andre Maatar.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!