25.07.2013 Views

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Skrifter i Samling III

same Retten. No er det kunnigt, at det danske Maalet

inkje i sjølvo seg er rikt nog til dei høgre Maalemni,

og at det hjelper seg berre med store Laan

av framande Ord; og naar no nokon vil krevja, at

det norske Maalet skal baade svara likt imot alle dei

danske Ordi og endaa svara likt imot alle dei framande

Ordi i Dansken: daa krev han meir, en som

nokon med retto kann krevja; daa gjerer han Urett

imot det norske Maalet. Ein skulde knapt kunna

lasta oss, um me brukade lika so mange framande

Ord som i Dansken; og naar me no freista paa aa

setja norske Ord i Staden, so er dette meir, en som

me eigenlega vaaro skyldige til aa gjera; det er ei

Framjelp til eit reinare Maal, og ei Prøva paa, at

dette Maalet heve Tilfang og Vyrke (Materiale) til

myket meir, en som mange hava vonat. Men sidan

dette er ein Tanke, som lett kann verda vanskynad

og misteken, som fyrr er sagt, so var det alltid best,

at ein no i Fyrstningi skulde halda seg til slike lettare

Maalemne, som kunna avgreidast med kunnige

og sedvanlege Ordalag.

No kann ein vistnog segja, at ei Avgreiding i

same Stiil som denne Boki er og so tungfør i andre

Maal, at ho inkje vilde vera stort lettare aa lesa i

Tydsk elder Dansk, og at det eigenlega er berre ein

Vane, som gjerer, at Folk ero viljuge nog til aa studera

dei floknaste og mest uppskruvade Talar i

Tydsk og Dansk, medan dei inkje vilja høyra annat

en berre Visor og Eventyr paa Norsk. Det er vist,

at Folk ljota eingong venja seg til nokot annat og

til nokot aalvorsamare i det norske Maalet; men det

er eit Spursmaal, um denne storlaatande lærde Stilemaaten

er nokot, som er verdt aa halda paa. Det

synest daa vera vist, at dei fleste Maalemni kunde

godt vera avgreidde i eit tydelegare Ordalag, og at

Skrifterna daa vilde koma til fleire Lesarar og gjera

ein større Verknad. Det ser ogso ut til, at Folk

131

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!