Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

aasentunet.no
from aasentunet.no More from this publisher
25.07.2013 Views

130 Skrifter i Samling III fyre vellærde Folk og inkje fyre ulærde. Det krevst myken Kunnskap til aa skyna denne Framsetningi, og det kann gjerna henda, at ymse Folk verda avskræmde fraa Lesnaden, um dei endaa tyktest hava lært nokot meir en aalmennelegt. Sjølve Maalemnet ligg nokot høgt, og naar det skal vera soleides avgreidt i Rekkjor av Grunnar og Fylgjor og Slutningar, so kann det inkje lett verda myket aaltydelegt (populært). Og naar so Stili og Tankaferdi er so høgt uppsett, og sjølve Maalet er so strengt avhaldet fraa alle sedvanlege framande Ordalag, so er det lett aa sjaa, at heile Framflutningi maa verda nokot tungfør fyre aalmennelege Lesarar. Som det synest, heve Utgivaren fyresett seg aa visa ei Prøva paa, at ein kann skriva um dei høgste Maalemne og i den høgste Stiil, og endaa hava nog med det norske Maalet. Dette segjer eg inkje nokot imot; eg heve sjølv eingong gjort Freistnad til nokot slikt, og det vilde vera ein god Ting, naar ein berre fekk Folk til aa fata den Meiningen, som ligg under, og som er den, at naar ein kann koma soleides ut med dei vandaste Saker i dette Maalet, so maa ein so myket lettare koma ut med alle dei uvande og lette Ting, som ellers maa fyrefella. Men no er det mange, som inkje skyna dette Synsmaalet, og dertil er det ein Ting, som inkje er rett høveleg til aa byrja med. Fyre det fyrste er det no alltid ei Klokskapsraad, at ein fyrst skal freista med letta og greida Saker; sidan kann ein smaatt um Senn taka Fat paa det, som tyngre er; for daa heve ein alt fenget betre Vane og Tame til aa taka paa det. Og fyre det andre er det merkande, at slike tunga Prøvor lettelega giva Tilføre (Anledning) til urettvise Domar, med di dei leida Lesaren til aa gjera alt for store og urimelege Krav til dette Maalet. Lesaren skal inkje krevja meir av Norsken en av Dansken i denne Stevna; han skal setja baade Maali paa same Fot og giva deim baade

Skrifter i Samling III same Retten. No er det kunnigt, at det danske Maalet inkje i sjølvo seg er rikt nog til dei høgre Maalemni, og at det hjelper seg berre med store Laan av framande Ord; og naar no nokon vil krevja, at det norske Maalet skal baade svara likt imot alle dei danske Ordi og endaa svara likt imot alle dei framande Ordi i Dansken: daa krev han meir, en som nokon med retto kann krevja; daa gjerer han Urett imot det norske Maalet. Ein skulde knapt kunna lasta oss, um me brukade lika so mange framande Ord som i Dansken; og naar me no freista paa aa setja norske Ord i Staden, so er dette meir, en som me eigenlega vaaro skyldige til aa gjera; det er ei Framjelp til eit reinare Maal, og ei Prøva paa, at dette Maalet heve Tilfang og Vyrke (Materiale) til myket meir, en som mange hava vonat. Men sidan dette er ein Tanke, som lett kann verda vanskynad og misteken, som fyrr er sagt, so var det alltid best, at ein no i Fyrstningi skulde halda seg til slike lettare Maalemne, som kunna avgreidast med kunnige og sedvanlege Ordalag. No kann ein vistnog segja, at ei Avgreiding i same Stiil som denne Boki er og so tungfør i andre Maal, at ho inkje vilde vera stort lettare aa lesa i Tydsk elder Dansk, og at det eigenlega er berre ein Vane, som gjerer, at Folk ero viljuge nog til aa studera dei floknaste og mest uppskruvade Talar i Tydsk og Dansk, medan dei inkje vilja høyra annat en berre Visor og Eventyr paa Norsk. Det er vist, at Folk ljota eingong venja seg til nokot annat og til nokot aalvorsamare i det norske Maalet; men det er eit Spursmaal, um denne storlaatande lærde Stilemaaten er nokot, som er verdt aa halda paa. Det synest daa vera vist, at dei fleste Maalemni kunde godt vera avgreidde i eit tydelegare Ordalag, og at Skrifterna daa vilde koma til fleire Lesarar og gjera ein større Verknad. Det ser ogso ut til, at Folk 131

130 Skrifter i Samling III

fyre vellærde Folk og inkje fyre ulærde. Det krevst

myken Kunnskap til aa skyna denne Framsetningi,

og det kann gjerna henda, at ymse Folk verda avskræmde

fraa Lesnaden, um dei endaa tyktest hava

lært nokot meir en aalmennelegt. Sjølve Maalemnet

ligg nokot høgt, og naar det skal vera soleides avgreidt

i Rekkjor av Grunnar og Fylgjor og Slutningar,

so kann det inkje lett verda myket aaltydelegt

(populært). Og naar so Stili og Tankaferdi er so høgt

uppsett, og sjølve Maalet er so strengt avhaldet fraa

alle sedvanlege framande Ordalag, so er det lett aa

sjaa, at heile Framflutningi maa verda nokot tungfør

fyre aalmennelege Lesarar. Som det synest, heve

Utgivaren fyresett seg aa visa ei Prøva paa, at ein

kann skriva um dei høgste Maalemne og i den høgste

Stiil, og endaa hava nog med det norske Maalet.

Dette segjer eg inkje nokot imot; eg heve sjølv eingong

gjort Freistnad til nokot slikt, og det vilde vera

ein god Ting, naar ein berre fekk Folk til aa fata

den Meiningen, som ligg under, og som er den, at

naar ein kann koma soleides ut med dei vandaste

Saker i dette Maalet, so maa ein so myket lettare

koma ut med alle dei uvande og lette Ting, som

ellers maa fyrefella. Men no er det mange, som inkje

skyna dette Synsmaalet, og dertil er det ein Ting,

som inkje er rett høveleg til aa byrja med. Fyre det

fyrste er det no alltid ei Klokskapsraad, at ein fyrst

skal freista med letta og greida Saker; sidan kann

ein smaatt um Senn taka Fat paa det, som tyngre

er; for daa heve ein alt fenget betre Vane og Tame

til aa taka paa det. Og fyre det andre er det merkande,

at slike tunga Prøvor lettelega giva Tilføre

(Anledning) til urettvise Domar, med di dei leida

Lesaren til aa gjera alt for store og urimelege Krav

til dette Maalet. Lesaren skal inkje krevja meir av

Norsken en av Dansken i denne Stevna; han skal

setja baade Maali paa same Fot og giva deim baade

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!