17.07.2013 Views

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Skrifter i Samling II

men sidan sviklege yverfallne og drepne i Tusundtal.

(Bartholomæus-Natti 1572). Men med alt detta vaaro

dei endaa mangmennte nog til Motstand; og daa

Henrik IV vardt Konung (1593), fingo dei daa umsider

Løyve til aa halda sin eigen Kyrkjesed.

I Tydskland vardt det alt større og større Tvidrætte

millom det gamle og det nye Kyrkjelaget;

og sidstpaa kom det endaa til ein rasande Herstrid,

som varde i 30 Aar og difyre er kallad Trettiaars-

Striden. 1618 til 1648. Nordtydskarne, som stridde

fyre Lærdomsboti, kunde i Fyrstningi ikkje standa

seg imot Keisaren; men fingo sidan stor Framgang,

daa den namnfræge svenske Kongen, Gustav Adolf,

kom deim til Hjelp. Han fall i eit Slag (1632); men

hans Fylgjesmenner sigrade, og daa Keisaren sidan

ogso fekk Strid med Frankrike, laut han umsider

bjoda Fred og lata Lærdomsboti hava sin Gang.

Engelland hadde i desse Tider fenget stor Magt

paa Sjoen og vunnet seg mange Hamnestader og

Nylende baade i Amerika og paa Austerleidi. Nokot

likt var det og med Holland, som under Keisar Karl

V var sambundet med Spania, men sidan sette seg

upp mot det spanske Meinveldet (1579) og fekk Hjelp

dertil av Engelland. I den lange Striden mot Spania

og Portugal vann Holland mange rike Nybygder i

India og Austerhavet.

Engelland hadde ymist fyrr leget i Strid med Skotland,

som i lange Tider var eit Kongerike fyre seg

sjølv; men daa Drottning Elisabeth døydde (1603),

var det den skotske Kongen Jakob (elder James), som

var næste Ervingen etter henne, og dermed kom daa

Engelland og Skotland under same Kongen. Engelland

hadde i nokre hundrad Aar havt eit Riks-Ting

(Parlament), som skulde raada saman med Kongen

um Landsens Saker; men det hende so ymist, at

Kongarne fylgde sin eigen Vilje og ikkje lydde etter

Rikstinget. So gjorde ogso Karl I, Son til Kong

299

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!