17.07.2013 Views

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Skrifter i Samling II

Lukka seg so, at Franskmennerne vunno atter det,

som dei hadde tapt; og den, som gjorde mest til

denne Vinningen, var ei Bondegjenta, den namnkunnuge

Jomfru av Orleans, som tok paa seg aa føra

Stridsheren imot Fienden, daa so mange andre hadde

mist Modet. Uheppelege nog vardt ho fangad av

Fienden og baalbrend som ei Trollkjerring (1431);

men daa hadde hennar Landsmenner alt fenget so

godt Framtak, at dei sidan jamt gingo av med

Sigren.

Det græske Keisarriket hadde i lange Tider havt

myken Ufred baade innantil og utantil; og sidstpaa

fekk det daa og ein Granne, som var det for sterk;

det var Tyrkarne, som ved Aaret 1330 hadde lagt

under seg Litle-Asia og sidan trengde seg inn i Europa

og toko Staden Adrianopel, der dei sette seg

so fast fyre, at all Freistnad til aa driva deim bakleides

var faafengd. Sidstpaa toko dei sjølve Hovudstaden

Konstantinopel (1453), og dermed var det

græske Keisardømet fallet.

Dei nørdste Riki hadde i desse Tider liti Magt.

Den danske Drottningi Margreta fekk Norig og Sverike

til aa binda seg saman med Danmark (Aar 1397);

men detta Sambandet vardt berre til Vanheppa. Sverike

skilde seg fraa og valde seg fyrst ein Fyrestandar

og seinare ein Konung; Norig derimot vardt i

lange Tider hangande fast med Danmark.

I det femtande Aarhundrad var det uppfunnet aa

bruka Fyrvaapen elder Skotvaapen med Krut, og

detta Bruket førde sidan til ein ny Tilskipnad i Herstriden

og Herbunaden. Ei onnor Uppkoma, som

vardt til stor Hjelp fyre den aalmennelege Kunnskapen,

var det, at Prentekunsten umkring som ved

Aaret 1440 vardt uppfunnen i Tydskland og snart

deretter vardt innførd i dei umliggjande Landi.

Ein annan Tilburd, som drog store Fylgjor etter

seg, var det, at Amerika no fyrst vardt kunnugt fyre

295

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!