17.07.2013 Views

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Skrifter i Samling II

Valdhavarom. Heile store Folkeskarar drogo aust

igjenom Landi til denne Striden; men ei stor Mengd

av deim gavst upp og fekk sin Bane paa den lange

Vegen. Ein sterk Her av duglege Stridsmenner, med

Hertugen Gottfrid (av Bouillon) til Formann, vann

daa endelege so myket, at dei toko Jerusalem og

sette kristne Hovdingar yver Landet (Aar 1099), men

det nye Riket fekk ingen Fred, og ikkje varde det

lenge helder, fyrr dei ukristne fingo Yvertaket. Seinare

gjekk det fleire store Krossferder vestanifraa;

men alt, som vardt vunnet, gjekk atter tapt, og det

heile vardt berre til ei stor Spilling av Liv og Mannskraft.

I det kristne Kyrkjelaget hadde der nyst fyrr vordet

eit Tviskifte, med di at Bisparne i det græske Riket

skilde seg av fraa Paven i Rom og toko Bispen i

Konstantinopel til Formann (1054). Dermed miste

daa Pavarne nokot av sitt Herredøme; men so vaaro

dei og so myket herdugare til aa auka si Magt yver

dei vestlege Riki. Mest kjende fyre denne Trøytingi

etter Magt og Velde era Pavarne Gregor VII (død 1085)

og Innocentius III (død 1216). Etter deira Fyreskipnad

skulde Pavarne ikke berre raada yver Kyrkja og

Prestestandet, men dei kunde ogso taka seg Løyve

til aa tugta sjølve Kongarne og setja deim av fraa

Embættet, naar dei gjorde nokot Motstand.

Med Kunnskap og Boklærdom var det i lang Tid

myket smaatt i dei fleste Land; men so er det daa

likt til, at dei store Krossferderna til Austerlandet

hava havt ymse gode Fylgjor i Vesterlandet og vakt

ein friskare Hug til bokleg Kunst. Umkring som paa

Tolvhundrad-Talet viser der seg alt eit munarlegt

Uppstig i Vesterbolken, so som i Frankrike og paa

fleire andre Stader, og mange gilde Bøker og Diktarverk

era i desse Tidom tilkomne. Ogso i vaart eiget

Land var der gjort ymse gode Tiltak i boklegt

Verk, og Sogomennerne paa Island hava endaa

293

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!