Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

aasentunet.no
from aasentunet.no More from this publisher
17.07.2013 Views

290 Skrifter i Samling II yverstiget, so at sidstpaa ein tydsk Hovding, Odoaker, tok inn Rom, sette Keisaren av og kallade seg sjølv Konung av Italia. (476). Etter honom kom ein gothisk Konung Thjodrik (elder Theodorik), som var ein gild og vyrdeleg Hovding; men hans Ættingar miste si Magt, og sidan var Italia i lange Tider som ein Trætteteig imillom framande Herrar, som ymist slogost um Landet og toko snart det eine Stykket og snart det andre. Enden paa det romerske Riket er reknad som eit stort Tideskifte, so at den fylgjande Æva er kallad Midalderen, til Skilnad fraa den fyrre, som er reknad til Fornalderen. Vesterbolken av Europa byrjade no aa skipa seg til i nye Rike og mest med Hovdingar av dei germanske elder tydske Ætter (Gothar, Frankar, Saksar og fleire), som i Folkeflutnings-Tidom hadde strøymt ut yver Landet. I Spania vardt eit nytt Rike tilskipat av gothiske Hovdingar. I Gallia vardt eit Rike med frankiske Hovdingar, og etter deim vardt Landet sidan kallat Frankrike. I Britania vardt ei stor Innflutning av Saksar elder Anglar (Angel-Saksar), so at Landet etter deim vardt kallat Engelland (elder Anglia). Sjølve Tydskland var endaa skilt i ymse Smaarike; men ei stor Deild av Landet hekk saman med det nye frankiske (elder franske) Riket, som no ei Tid frametter var det megtugaste Rike paa Vesterleidi. I desse nye Rikjom vann Kristendomen Inngang nokot um Senn, og dermed vardt daa ogso nokor Umbot i Folkeseden, og nokot større Kunnskap kom til, med di at Prestar og Landshovdingar tamde seg til med Skrift og Lesnad, so som Grækarne og Romarne fyrr hadde gjort. Kyrkje-Retten vardt tilskipad etter den Sedvane, som var tilkomen i Rom, og Bispen i Rom var halden som Hovudsmann fyre heile Kyrkjelaget og kallad Pave elder Papa (d. e. Fader). Desse Pavarne fingo dermed stor Magt og

Skrifter i Samling II Vyrdnad, og sume av deim, som Gregor den store (død 604), verkade ogso myket godt til Framhjelp fyre Kunnskapen og til Utbreiding av Kristendom imillom Heidningom. Men medan Kristendomen soleides gjekk jamt fram i Vesterrikjom, fekk han derimot ein stor Atterstøyt paa Austersida. I Mekka i Arabia var ein Mann med Namnet Mahomed, som tok seg til aa læra Folket ei ny Tru, og daa han hadde fenget eit Fylgje med seg, tok han Landet under seg med Vald og Vaapenmagt og nøydde Folket til aa taka ved den nye Lærdomen. (død 632). Hans Ettermenner i Herredømet vaaro djerve og stridsame, so dei foro med Hermagt yver Landet i Aust og Vest og trugade Folket til aa taka Mahomeds Tru. I Asia grunnade dei eit stort Rike med Hovudstaden Bagdad, som vardt Sæte fyre deira Konung elder «Kalif». I Afrika toko dei heile Nordsida langs med Midelhavet; derifraa trengde dei seg inn i Spania og stomnade der det mauriske Riket, som sidan stod lenge uppe. Sidstpaa vilde dei og leggja Frankrike under seg; men den frankiske Hovdingen Karl Martell samnade ein sterk Stridsher imot deim og slog deim i eit stort Slag (Aar 732), so dei sidan ikkje torde vaaga nokot meir paa den Sida. Ein Son til Karl Martell vardt sidan Konung i Frankrike, og hans Son var den vidkunnuge Karl den store (død 814). Han hadde myken Strid, men var jamnan heppen, so han sidstpaa lagde under seg heile Saksland og Sud-Tydskland med Halvparten av Italia og eit Stykke av Spania. Dertil er han og myket namnfræg fyre si Umsut fyre Log og Rett og lika eins fyre Kristendom og Kunnskap. Etter hans Daude losnade det store Riket i sunder, og hans Sonarsøner skifte det i try Rike, som var Frankrike og Tydskland og Italia. (843). Tittelen av «romersk Keisar», som Karl den store hadde fenget, gjekk sidan i Arv til Kongarne i Tydskland. 291

290 Skrifter i Samling II

yverstiget, so at sidstpaa ein tydsk Hovding, Odoaker,

tok inn Rom, sette Keisaren av og kallade seg

sjølv Konung av Italia. (476). Etter honom kom ein

gothisk Konung Thjodrik (elder Theodorik), som var

ein gild og vyrdeleg Hovding; men hans Ættingar

miste si Magt, og sidan var Italia i lange Tider som

ein Trætteteig imillom framande Herrar, som ymist

slogost um Landet og toko snart det eine Stykket

og snart det andre.

Enden paa det romerske Riket er reknad som eit

stort Tideskifte, so at den fylgjande Æva er kallad

Midalderen, til Skilnad fraa den fyrre, som er reknad

til Fornalderen. Vesterbolken av Europa byrjade no

aa skipa seg til i nye Rike og mest med Hovdingar

av dei germanske elder tydske Ætter (Gothar, Frankar,

Saksar og fleire), som i Folkeflutnings-Tidom

hadde strøymt ut yver Landet. I Spania vardt eit

nytt Rike tilskipat av gothiske Hovdingar. I Gallia

vardt eit Rike med frankiske Hovdingar, og etter

deim vardt Landet sidan kallat Frankrike. I Britania

vardt ei stor Innflutning av Saksar elder Anglar

(Angel-Saksar), so at Landet etter deim vardt kallat

Engelland (elder Anglia). Sjølve Tydskland var endaa

skilt i ymse Smaarike; men ei stor Deild av Landet

hekk saman med det nye frankiske (elder franske)

Riket, som no ei Tid frametter var det megtugaste

Rike paa Vesterleidi.

I desse nye Rikjom vann Kristendomen Inngang

nokot um Senn, og dermed vardt daa ogso nokor

Umbot i Folkeseden, og nokot større Kunnskap kom

til, med di at Prestar og Landshovdingar tamde seg

til med Skrift og Lesnad, so som Grækarne og Romarne

fyrr hadde gjort. Kyrkje-Retten vardt tilskipad

etter den Sedvane, som var tilkomen i Rom,

og Bispen i Rom var halden som Hovudsmann fyre

heile Kyrkjelaget og kallad Pave elder Papa (d. e.

Fader). Desse Pavarne fingo dermed stor Magt og

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!