Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

aasentunet.no
from aasentunet.no More from this publisher
17.07.2013 Views

288 Skrifter i Samling II Cæsar 1 , som elles var ein av dei mildaste og manntydaste Hovdingar, som Minneskrifti nemner; han var Herre yver Riket i tvau Aar, og daa vardt han drepen i eit Raadsmøte i Rom (44 f. Kr.). Og sidstpaa var det ein Erving etter Cæsar med Namnet Octavianus, som fekk Yvermagti (31 f. Kr.) og sidan var Herre yver Riket i 44 Aar. (død 14 e. Kr.). Han vardt kallad Augustus og er reknad som den fyrste Keisar; for etter den Tid vardt Riket eit Einvaldsrike i Staden fyre eit Valmannsvelde. Det romerske Riket var no so stort, at det naadde i Vest yver Spania, Gallia og Britland, og i Aust yver Grækarland, Litle-Asia, Syria og Ægypten; difyre er det ogso sagt, at Keisar Augustus kunde bjoda yver «heile Verdi». (Luc. 2, 1). Den næste Keisaren etter Augustus var Tiberius (død 37). I hans Dagar var det, at Frelsaren fullførde si Sending paa Jordi, og at hans Læresveinar grunnlagde dei fyrste kristne Samstemnor elder Soknarlag. Den nye Lærdomen vardt hædd og hatad baade av Judar og Heidningar, so det i lang Tid frametter var mange, som laut lida Pinslor og Daude fyre si Tru; men lika fullt breidde Lærdomen seg alt vidare ut med si eigi Magt, og etter lange Tyngslor og Trengslor hadde dei kristne Samningarne vordet so mange, at Herrarne i Riket funno det rettaste aa lata deim vera i Fred. Av dei romerske Keisarar hava nokre vordet mest namnkjende fyre Illska og Ulivnad, som Nero (død 68), Domitianus (død 96) og Commodus (død 192); andre hava derimot fenget eit godt Ettermæle, som Trajanus (død 117), Antoninus Pius (død 161), Alexander Severus (død 235) og fleire. Det vardt annsamt aa styra det store Riket, med di at der jamnan vardt Ufred av framande Folkeslag paa ymse Sidor. Ein Keisar, 1 Namnet er eigenlege Caesar elder Kaisar, og derav er Tittelen «Keisar» uppkomen.

Skrifter i Samling II som heitte Diocletian (død 305), tok seg difyre ein Med-keisar til Hjelp, og seinare var det fleire, som gjorde det same; men so vardt der Strid imillom desse Hovdingom innbyrdes, til dess at ein av deim, som heitte Konstantin, vann yver alle dei andre og vardt Einvaldsherre. (Aar 324). Denne Keisaren er namnkunnug av di, at han samtyktest med det kristne Folket og sidstpaa sjølv tok ved Kristendomen. (død 337). Detta var eit stort Umskifte fyre det kristne Folket, som so lenge fyrr hadde lidet Skjemd og Elting med Draap og Pinslor fyre si Tru, men som no so braadlege kom til Magt og Vyrdnad i Riket. Konstantin hadde flutt sitt Kongssæte fraa Italia til Grækarland; og ein av hans Ettermenner, som heitte Theodosius (død 395) skifte det store Rike millom sine tvo Søner, so at den eine fekk det vestlege Riket med Rom til Hovudstad, og den andre fekk det øystre (elder grækiske) Riket med Hovudstaden Byzantium, som no vardt kallad Konstantinopel. Men endaa vardt kvart Rike so vidlendt, at det vardt vandslegt aa møta dei store Folkeskararne, som søkte inn paa Landet. Alt fyrr hadde ymse germanske og mest gothiske Folkeslag trengt seg inn i Landet nordantil; men no var det ogso eit nytt og ukunnugt Folkeslag, kallat Hunnar (elder Hunar), som kom innstrøymande fraa Asia, og som sette slik Uro i dei andre Folkehoparne, at det vardt ei ideleg Strøyming og Flutning mot Vest og mot Sud, so at denne Æva er kallad den store Folkeflutningi. Med Hunnarne vardt det daa ikkje nokon lang Strid; dei komo rynjande vest yver Landet lika til Gallia; men der tapte dei eit stort Slag (Aar 451), og sidan drogo dei seg tilbaka, og daa deira Konung Attila var daaen, slitnade Riket deira i sunder. Men dei andre Folkehoparne trengde seg alltid fram paa Sudsida. Det grækiske Keisardømet stod seg nokorleid imot denne Trengsla; men det romerske Riket vardt reint 289

288 Skrifter i Samling II

Cæsar 1 , som elles var ein av dei mildaste og manntydaste

Hovdingar, som Minneskrifti nemner; han

var Herre yver Riket i tvau Aar, og daa vardt han

drepen i eit Raadsmøte i Rom (44 f. Kr.). Og sidstpaa

var det ein Erving etter Cæsar med Namnet

Octavianus, som fekk Yvermagti (31 f. Kr.) og sidan

var Herre yver Riket i 44 Aar. (død 14 e. Kr.). Han

vardt kallad Augustus og er reknad som den fyrste

Keisar; for etter den Tid vardt Riket eit Einvaldsrike

i Staden fyre eit Valmannsvelde. Det romerske

Riket var no so stort, at det naadde i Vest yver

Spania, Gallia og Britland, og i Aust yver Grækarland,

Litle-Asia, Syria og Ægypten; difyre er det

ogso sagt, at Keisar Augustus kunde bjoda yver

«heile Verdi». (Luc. 2, 1).

Den næste Keisaren etter Augustus var Tiberius

(død 37). I hans Dagar var det, at Frelsaren fullførde

si Sending paa Jordi, og at hans Læresveinar grunnlagde

dei fyrste kristne Samstemnor elder Soknarlag.

Den nye Lærdomen vardt hædd og hatad baade av

Judar og Heidningar, so det i lang Tid frametter var

mange, som laut lida Pinslor og Daude fyre si Tru;

men lika fullt breidde Lærdomen seg alt vidare ut

med si eigi Magt, og etter lange Tyngslor og Trengslor

hadde dei kristne Samningarne vordet so mange,

at Herrarne i Riket funno det rettaste aa lata deim

vera i Fred.

Av dei romerske Keisarar hava nokre vordet mest

namnkjende fyre Illska og Ulivnad, som Nero (død 68),

Domitianus (død 96) og Commodus (død 192); andre

hava derimot fenget eit godt Ettermæle, som Trajanus

(død 117), Antoninus Pius (død 161), Alexander Severus

(død 235) og fleire. Det vardt annsamt aa styra

det store Riket, med di at der jamnan vardt Ufred

av framande Folkeslag paa ymse Sidor. Ein Keisar,

1 Namnet er eigenlege Caesar elder Kaisar, og derav er Tittelen

«Keisar» uppkomen.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!