17.07.2013 Views

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

286 Skrifter i Samling II

Dei gamle Riki i Asia hadde tidt og ofta Strid

med sine Grannar og stundom ogso med stridsame

Hovdingar i sjølve Riket. Det babyloniske Riket og

ymse fleire kom sidstpaa inn under det store persiske

Riket, som byrjade med Kong Cyrus (560 f.Kr.)

og som sidan i tvau hundrad Aar var det megtugaste

av alle. Det persiske Herredømet tøygde seg

lika til Midelhavet; men dei græske Nybygderna i

Litle-Asia gjorde Motstand og fingo Hjelp fraa Grækarland.

Dermed kveiktest det daa ein stor Strid imillom

Grækarland og Persia; men Grækarne varde seg traatt

og herdugt imot den store Yvermagti. Den persiske

Kongen Xerxes (Ahasverus) skal hava ført ein Stridsher

paa tvo Millionar imot Grækarland, men endaa laut

han venda heimatter med Skam og Skade. (480 f. Kr.).

Og Utgangen paa Striden vardt den, at Persarne laut

bjoda Fred og lata Grækarne i Litle-Asia vera frie.

Etter den Tid stodo dei græske Smaariki trygt;

men dei skadde seg sjølv med innbyrdes Strid, med

di at sume av deim, som Athenæ og Sparta, jamnan

traadde etter Herredømet yver dei andre. Ein av

deira Granne-Kongar, Filippos av Makedonia, vardt

ogso inndregen i denne Striden, og den Mannen

visste aa styra det so, at han sjølv vardt Herre yver

heile Grækarland. (338 f. Kr.). Hans Son var den

namnkunnuge Alexander den store, som tok Riket

etter honom. Han tok upp atter den gamle Striden

med Persia og førde Stridsheren sin inn i Asia; der

vann han try store Slag imot Kong Darius, og dermed

gjorde han Ende paa det persiske Riket og tok

under seg alle dei Land, som dertil høyrde. Sidan

vann han endaa fleire Land; men just som han var

i sin beste Uppgang, døydde han braadlege i Babylon

(323 f. Kr.), daa han var berre 32 Aar gamall.

Daa vardt der Strid, um kven som skulde erva det

store Riket, og sidstpaa skilde det seg i try Rike:

Grækarland og Syria og Ægypten.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!