17.07.2013 Views

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Skrifter i Samling II

Til Avgjerd av slike Tiltak og Tilkostingar, som

era alle Mann vedkomande, kunde det synast som

rettaste, at alle Mann skulde vera med og samraadast

um Sakerna; men detta kann ikkje godt ganga fyre

seg, utan berre i eit litet Samnøyte, som ein By

elder eit Tinglag. I eit større Samnøyte (som eit

Fylke elder Rike) fær det helder ganga paa den

Maaten, at nokre Menner av kvar Landsbolk verda

valde av Aalmugen til aa samna seg til eit Landsmøte

elder Ting, so at dei der kunna samraadast um

dei Maalemni, som trenga til Avgjerd. I slike Tingmøte

er det daa dei fleste Røyster, som gjera Utfallet;

det er so til aa skyna, at naar eit Fyreslag

elder Tilraad er framsett fyre Tinget, og dei fleste

Tingmenner (elder ogso alle) samtykkja i Tilraadet,

so er det dermed vedteket og stadfest; men er det

fleire, som segja imot, en som samtykkja, so er Tilraadet

fallet. Med denne Avgjeringsmaaten er det

no vistnog so, at det stundom kann vera mange,

som mislika det Tilraadet, som er framsett, men

endaa faa finna seg i, at det fær Framgang, av di

at dei era for faae til aa fella det ned; og detta kann

ofta vera meinslegt nog; men der er ikkje nokon

annan Utveg, som kann høva betre fyre eit fritt

Folk; og so er der daa alltid ei Von til, at naar dei

fleste faa raada, so vil ikkje Folket faa større Tyngslor

paa seg, en som det kann orka aa bera.

Med den høgste Magti i Riket er det nokot ymislege

tilskipat hjaa dei mange serskilde Folkeslag. I

dei fleste Rike er det gamall Skipnad, at Landet

heve ein Herre elder Hovding med ein viss Fyrerett

fram fyre alle Landsmenner, og at Herredømet gjeng

i Arv i Ætti hans som eit annat Ervegods. Ein slik

Hovding er jamnaste kallad Konung (Kong); i nokre

store Rike er han kallad Keisar, og i ymse smaa

Rike heiter han Hertug elder Fyrste. Men daa Styreverket

i eit Rike alltid vil krevja so myki Umsut og

281

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!