Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

aasentunet.no
from aasentunet.no More from this publisher
17.07.2013 Views

278 Skrifter i Samling II at det alltid heve ein Tilskipnad til Tugt og Age fyre deim, som gjera Uskil, og til Verja fyre alle deim, som liva fredsamt og driva sitt Verk paa ærleg Maate. Naar det soleides alltid er Torv til, at der skal vera Log og Rett i Landet, so er det ogso tarvlegt, at der skal vera Embættesfolk til aa halda Landsretten i Hævd og til aa greida Sakerna i alle dei Kivsmaal og Tvidrætte, som ymist koma upp imillom Landsens Folk; og dermed fylgjer daa og, at desse Embættesfolk maa hava Magt til aa driva Retten fram og tvinga deim, som imot vilja standa. Men der lyt ogso vera nokot annat, som kann driva Menneskja til aa temja seg sjølv og vyrda lika myket um annan Manns Rett som um sin eigen; der maa vera ein godviljug Vyrdnad fyre Rett og Sanning, og ein ærleg Hug til aa gjera sin Skyldnad, anten det so vil falla lett elder tungt. Det er ikkje nog aa berre vakta seg fyre all den Uskil, som Landsretten kann døma og refsa; der skulde ogso vera ein Otte fyre ein Domar, som ser i Løyndom, og som viser fraa seg alle deim, som leggja Vinn paa Urett. Og difyre vil det krevjast, at Folk fraa Barndomen faa Kunnskap um Guds Ord og Guds Vilje, og at der alltid maa vera Lærarar, som kunna rettleida Folket og jamlege minna det um denne Kunnskapen. Og best er det, naar kvar Fader og Moder vil hjelpa Læraren og sjølv vera Lærar i sitt eiget Hus fyre den tilveksande Ungdomen. Di betre Landsretten er vyrd og hævdad, og di betre Samhelde der er imillom alle Deilder av Riket, di tryggare kann Riket standa, og di sterkare vil det vera til aa verja seg mot Urett fraa andre Sidor. Mest vil det gjelda um eit godt Samhelde, naar Riket kjem i Strid med eit annat Rike, og eit framandt Folk vil herja i Landet. Det er syrgjelegt aa vita, at Verdi, med alt sitt Skrøyt av Framstig og

Skrifter i Samling II Uppstig, skal endaa ikkje vera komi so langt, at alle Kivsmaal imillom Rikjom kunde vera avgjorde med Lempa utan nokot Herverk og Mannspille. Men det er no det gamle Mein ved Mannætti, at der jamt einkvarstad er Folk, som hava Hug til Ufred, og at megtuge Folk vilja alltid visa si Magt og aldri tola nokon Motburd av sine Grannar. Og so kann det ymist henda, at eit fredsamt Folk verd innfløkt i ein Strid imillom andre Rike, so at det mot sin Vilje maa fylgja med og hjelpa den eine Parten imot den andre. Og sidan det daa alltid er ein Faare aa standa verjelaus, so vil Riket vera nøydt til aa kosta seg Vaapen og Herbunad og Upplæring i Hermannskunst fyre paarøynande Tilfelle. Det er ikkje nokon hyggjeleg Tilbunad; men naar det endelege skal so vera, so er det best aa taka det som ein annan Leik; og so lenge som det gjeld um aa verja sitt Fødeland, so er det daa alltid ei Æra aa vera med og hjelpa til, at Landslyden i minsto kann vinna Vyrdnad hjaa andre Folk. Etter alt detta verd det mange Aalmennings-Saker, som binda Landsfolket saman til eit Bulag elder Sameigarlag. Ei Sokn elder Grend fær ymse Sameigor, som Kyrkja, Skule, Tinghus og dilikt; og det heile Riket fær mange større Sameigner, som Aalmennings- Marker, Landsvegar, Festningar, Herskip og Husbygningar av mange Slag. Og hertil kjem daa all den andre Fyreskipnad til Hævding av Log og Rett, til Framhjelp fyre Lærdoms-Verket, til Lette fyre Umferd og Samferd i Landet, til Umsyn med Aalmennings-Godset og til mangt annat, som dermed fylgjer. I alle desse Greiner maa der vera Raadsfolk elder Umbodsmenner, som hava kvar si Tenesta med Styring og Tilsyn og Rekneskap, so at alt maa ganga sin rette Gang. Fyrst og fremst lyt Riket hava ei Regjering elder Yverstyring, som kann hava Umsyn yver det heile; og dernæst maa dei ymise Deilder 279

Skrifter i Samling II

Uppstig, skal endaa ikkje vera komi so langt, at alle

Kivsmaal imillom Rikjom kunde vera avgjorde med

Lempa utan nokot Herverk og Mannspille. Men det

er no det gamle Mein ved Mannætti, at der jamt

einkvarstad er Folk, som hava Hug til Ufred, og at

megtuge Folk vilja alltid visa si Magt og aldri tola

nokon Motburd av sine Grannar. Og so kann det

ymist henda, at eit fredsamt Folk verd innfløkt i ein

Strid imillom andre Rike, so at det mot sin Vilje

maa fylgja med og hjelpa den eine Parten imot den

andre. Og sidan det daa alltid er ein Faare aa standa

verjelaus, so vil Riket vera nøydt til aa kosta seg

Vaapen og Herbunad og Upplæring i Hermannskunst

fyre paarøynande Tilfelle. Det er ikkje nokon hyggjeleg

Tilbunad; men naar det endelege skal so vera,

so er det best aa taka det som ein annan Leik; og

so lenge som det gjeld um aa verja sitt Fødeland,

so er det daa alltid ei Æra aa vera med og hjelpa

til, at Landslyden i minsto kann vinna Vyrdnad hjaa

andre Folk.

Etter alt detta verd det mange Aalmennings-Saker,

som binda Landsfolket saman til eit Bulag elder Sameigarlag.

Ei Sokn elder Grend fær ymse Sameigor,

som Kyrkja, Skule, Tinghus og dilikt; og det heile

Riket fær mange større Sameigner, som Aalmennings-

Marker, Landsvegar, Festningar, Herskip og Husbygningar

av mange Slag. Og hertil kjem daa all

den andre Fyreskipnad til Hævding av Log og Rett,

til Framhjelp fyre Lærdoms-Verket, til Lette fyre

Umferd og Samferd i Landet, til Umsyn med Aalmennings-Godset

og til mangt annat, som dermed

fylgjer. I alle desse Greiner maa der vera Raadsfolk

elder Umbodsmenner, som hava kvar si Tenesta med

Styring og Tilsyn og Rekneskap, so at alt maa ganga

sin rette Gang. Fyrst og fremst lyt Riket hava ei

Regjering elder Yverstyring, som kann hava Umsyn

yver det heile; og dernæst maa dei ymise Deilder

279

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!