17.07.2013 Views

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Skrifter i Samling II

nokot Jordbruk. Dei busitjande Folk vilja alltid turva

ymis Reidskap og Husbunad, som dei ikkje sjølve

kunna verka til, og so kunna daa andre Folk verka

fyre deim og dermed faa seg ei Motgaava anten i

Matvaror elder andre Ting, som høyra til Livs Upphelde.

So er det ogso ymse Verk, som krevja serleg

Kunst og Tame, so at ein gjerer deim best, naar

ein fær driva stødt paa det same Handverket og

ikkje hefter seg med andre Ting. Slike Handverk

kunna daa ogso «føda sin Mann» (som me segja);

og dermed verd det daa ei Umdeilding elder Utbyting

av Arbeidet, med di at kvar Hand fær sitt

visse Verk, og kvar Mann fær nøyta den Kunst,

som han best heve lært, so han baade kann tena

dei andre og tena seg sjølv med det same.

Med Busetningi og Jordskiftet heve det gjenget

ymislege til, med di at Folket fyrst og fremst laut

retta seg etter Landslaget og dernæst etter ymse

andre Tilhøve. I bergutte og ujamne Landsbolkar

vardt det oftaste berre einskilde Bustader elder Gardar

med kvar sitt Jordstykke til. I dei store Flatlandi

vardt det Landsbyar elder Torp med store

Hopemarker kringum seg. Paa nokre Stader, som

laago midt i Ferdesvegom og hadde stort Tillaup

fraa ymse Sidor, heve det sidstpaa samnat seg so

myket Folk, at det vardt heile Byar med mange Huseigarar

utan nokot Jordbruk, men elles med mange

Vinnevegar med Handverk og Vareførsla og Kaupmannskap

og dilike Ting. Denne Samanflutningi

heve no jamnaste havt si Uppkoma derav, at Folk

turfte hava ymse Marknadsstader til aa møtast paa,

naar dei skulde kaupa nokot langveges fraa elder

byta Varor med Folk or framande Bygder. Og difyre

hava slike Møtestader stundom skapat seg midt inne

i Landet, der det var store Vatsdrag og Dalføre,

som møttest i ein Os elder eit Aamot; men oftaste

hava dei daa komet upp paa Sjosida, der det var

275

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!