17.07.2013 Views

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

272 Skrifter i Samling II

Slaget. Sume rekna endaa tvo Ætter til, som er den

amerikanske og den malayiske; men den fyrste av

deim skal berre vera ei Grein av den mongolske

Ætti, og den andre skal vera ei Grein av den kaukasiske.

Elles er no Skilnaden ikkje so stor i sjølve

Likamsskapet som i Hamliten og Aasyni, og denne

Ættarsvipen kann vel koma seg myket av Landslaget

og Livemaaten fraa gamle Tider. Ein større

Skilnad viser seg derimot i Tungemaalom, som era

so mange, at ein mest kann segja, at kvar Landsbolk,

som er so stor som vaart Land, heve eit Maal

fyre seg sjølv. Men dermed faa me daa merka, at

mange Maal kunna vera nokot skylde til kvarandre,

so at dei hopa seg saman i nokre store Maalrekkjor

med visse Greiner og Avdeilder. Den Rekkja, som

vaart Maal høyrer til, gjeng i ei lang Lina igjenom

Asia og Europa alt ifraa India og til Vesterhavet.

Ho deiler seg paa denne Viddi i mange Maal, som

vistnog skilja seg myket fraa kvarandre, men som

lika fullt visa myken Skyldskap i sin Innbunad og

Tilskapnad. 1

Med all denne Skilnaden kann den heile Folkeoldi

endaa vera komi fraa ei einaste Ætt; og etter den

heilage Skrifti var det berre eit Par Folk, som vardt

Fyrsteforeldre til den store Mannætti. Detta Paret

maa hava livt i ein av dei milde Landsbolkom i

Asia, og derifraa hava daa Ætterna sidan dreivt seg

ut yver Jordi, etter som Mengdi voks til. Det er

trulegt, at ymse Par elder Smaalag hava ved eit

Tilfelle komet langt burt ifraa annat Folk og dermed

byrjat paa ein ny Livemaate i eit framandt Land;

1 Av dei store Maalættom vilja me berre nemna dei tvo, som

ganga yver Vesterparten av Europa; det er den romanske og

den germanske. Til den romanske høyrer: Italisk, Spansk,

Portugisisk og Fransk. Den germanske heve tri Hovudgreiner:

1) Tydsk (serskilt kallad Høgtydsk); 2) Saksisk elder Nordtydsk,

avskilt i Nedertydsk, Hollandsk og Engelsk; 3) Norderlandsk

(Nordisk), avskilt i Islandsk, Norsk, Svensk og Dansk.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!