Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

aasentunet.no
from aasentunet.no More from this publisher
17.07.2013 Views

264 Skrifter i Samling II stundom so, at me vita Namn paa Ungen, men ikkje paa det fullkomne Dyret, so som med Grasmakk, Skogmakk, Veggjesmid og fleire Slag. Det er ikkje liten Skilnad paa den uhamlege krjupande Aama og det prydelege fljugande Fivreldet; og detta Hamskiftet er ogso eit av dei mange Undringsverk i den store Skapningen. Den sidste Deildi av Dyreriket hava me kallat Blautdyr; men paa desse er der so mange ymislege Skap, at det er vandt aa segja nokot Merke paa heile Hopen. Mange av deim hava ein serleg, undarleg Skapnad, og sume hava og so liti Rørsla, at det er knapt ein kann sjaa nokot Liv i deim elder skyna, kor dei nøra seg. Nokre av deim hava Makkeskapnad og korkje Hovud elder Limer; det er slike som Jordmakk, Sandmakk, Igle og ymse andre, som stundom verda reknade til Liddyrom. Nokre andre er slimutte Dyr med Hovud og Veidehorn, det er slike som me kalla Sniglar, men so er det mange av Snigleslaget, som hava eit skruvringat Skal elder Hus paa seg, og deim kalla me Kuvungar elder Fjørekungar. Andre Slag er berre som ein blaut Klump i eit hardt Skal, mest liksom ein Daase; det kalla me Skjel (Kraakeskjel, Øyreskjel, Ostra og fleire). Andre era skapade som ein rund Klump i eit Skal med Tindar paa; det er Igulkjer elder Kraakebollar. So er der eit Slag, som ein korputt Klump med stutte Straalar elder Greiner kringum; det er Krosstroll (elder Krossfisk). Eit annat Slag er som eit Hovud med lange Greiner paa; det er Spruta (Akkar elder Haldar). So er der Grordyr, som veksa saman i Duskar elder Greiner liksom ein Grasvokster; og til sidst er der nokot Livende, som kann heita Røytedyr og som er so smaatt, at ein ser det fyrst med Glas og ikkje med berre Augom. Det er mest i rotnande Væta og Gyrma, at slike Smaadyr verda uppdagade. Det vil synast oss undarlegt, at der umfram all

den rike Livskapningen, som me sjaa med Augom, kann endaa vera so myket Liv, som me ikkje sjaa; men der er daa og so mangt annat i Dyreriket, som me ikkje rett kunna skyna elder tyda. Det er, til Exempel, ein merkjeleg Ting, at der skal vera Snikjedyr 1 , som kunna liva i Kjøtet elder Innvolen paa livande Dyr og dermed gjera deim Mein og Plaaga. Det er ogso merkjelegt, at mange væne Skapningar hava so stutt Liv, at det er knapt so myket, at dei naa fram til sin fulle Vokster, fyrr en dei døya elder verda drepne. Og ikkje minst undarlegt er det, at der skal vera so myken Ufred i Skapningen, at det eine Slaget liver av det andre, at det eine er best lagat til aa tyna og drepa, og det andre berre til aa vakta seg og røma undan. Der er endaa myket, som me sjølve maa vakta oss fyre, og me kunna tidt koma til aa undrast paa, kvi det skal vera so lagat. Me høyra so myken Tale um «nyttige» og «skadelege» Dyr, og me era alltid so tilhugade til aa tru, at alt det, som er oss til Uhugnad, skal vera nokot vondt, som ikkje skulde vera til. Men me skulde alltid minna oss um, at me slett ikkje vita, kvat alt er skapat til. Der er ymse Dyr, som gjera oss Meinsemd, so me era nøydde til aa verja oss og rydja deim av Vegen; men der er ogso mange, som me fanga og drepa til vaart eiget Bruk, so at me ofta sjølve gjera lika so myket Livtjon som dei verste Rædyr. Og det vilde vera alt for faaviist aa tenkja, at der ikkje skulde vera nokot annat til, en det som me sjølve kunde bruka. Det er daa so, som det heiter i Bibelen, at det høver ikkje fyre Skapningen aa spyrja Skaparen, kvat han gjerer; det er likt, som naar Krukka skulde spyrja Krukkemakaren, kvi han gjorde henne so. 2 Me kunna vel vera visse paa, at det altsaman heve sitt Fyremaal og si Tilsetning, 1 Innvolsmakkar. 2 Rom. 9, 20. Es. 45, 9. Skrifter i Samling II 265

den rike Livskapningen, som me sjaa med Augom,

kann endaa vera so myket Liv, som me ikkje sjaa;

men der er daa og so mangt annat i Dyreriket, som

me ikkje rett kunna skyna elder tyda. Det er, til

Exempel, ein merkjeleg Ting, at der skal vera Snikjedyr 1 ,

som kunna liva i Kjøtet elder Innvolen paa livande

Dyr og dermed gjera deim Mein og Plaaga.

Det er ogso merkjelegt, at mange væne Skapningar

hava so stutt Liv, at det er knapt so myket, at dei

naa fram til sin fulle Vokster, fyrr en dei døya elder

verda drepne. Og ikkje minst undarlegt er det, at

der skal vera so myken Ufred i Skapningen, at det

eine Slaget liver av det andre, at det eine er best

lagat til aa tyna og drepa, og det andre berre til aa

vakta seg og røma undan. Der er endaa myket, som

me sjølve maa vakta oss fyre, og me kunna tidt

koma til aa undrast paa, kvi det skal vera so lagat.

Me høyra so myken Tale um «nyttige» og «skadelege»

Dyr, og me era alltid so tilhugade til aa tru,

at alt det, som er oss til Uhugnad, skal vera nokot

vondt, som ikkje skulde vera til. Men me skulde

alltid minna oss um, at me slett ikkje vita, kvat alt

er skapat til. Der er ymse Dyr, som gjera oss Meinsemd,

so me era nøydde til aa verja oss og rydja

deim av Vegen; men der er ogso mange, som me

fanga og drepa til vaart eiget Bruk, so at me ofta

sjølve gjera lika so myket Livtjon som dei verste

Rædyr. Og det vilde vera alt for faaviist aa tenkja,

at der ikkje skulde vera nokot annat til, en det som

me sjølve kunde bruka. Det er daa so, som det

heiter i Bibelen, at det høver ikkje fyre Skapningen

aa spyrja Skaparen, kvat han gjerer; det er likt,

som naar Krukka skulde spyrja Krukkemakaren, kvi

han gjorde henne so. 2 Me kunna vel vera visse paa,

at det altsaman heve sitt Fyremaal og si Tilsetning,

1 Innvolsmakkar.

2 Rom. 9, 20. Es. 45, 9.

Skrifter i Samling II

265

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!