17.07.2013 Views

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

256 Skrifter i Samling II

Alvnæver, Steinblik og Korke. 4) Tangslag(Sjovokster):

Steinsleipa, Martaum, Tare, Søl, Tang (Boletang).

5) Soppar: Bladsopp, Busopp, Knyska, Mjølauke,

Mygla. Til Sopp og Mygla høyra elles ymse

Slag, som visa seg berre som eit Hy elder Musk og

era so grannlagde, at ein ikkje ser deim til Fullnad

med berre Augom.

Men naar me soleides hava nemnt nokre Slag av

kvar Hop, so er alt dette berre ein liten Part av det

store Voksterriket; for dei einskilde Kynderna era ovlege

mange, og ei stor Mengd av deim er framand

fyre vaart Land. Og so er det her som andre Stader,

at dei smaae elder smæste Voksterslagi era litet tilgaadde

og litet kjende, so at me ikkje hava nokre

heimlege Namn paa deim. Men i Skapningen kann

det smaae vera lika so merkjelegt som det store, og

til Prov derpaa vilja me berre nemna den undringsverdige

Skirleike og Grannleike, som jamnaste viser

seg i Blad og Blom og i dei minste Straa, med di

at all Innreide er so fin og ørsmaa, at ein ser ikkje

alle Smaadeilderna, utan ein heve Kikarglas til Hjelp,

so ein dermed kann faa deim til aa hildra og skrøyva

seg upp, so dei verda synlege fyre Augom. Og tilsidst

vilja me ogso nemna den store Rikdomen av

Frukt og Fræ, som viser seg paa so mange Urter

og endaa paa ymse Treslag, med di at Aarsfræet

kann vera so riklege tillagat, at um alt skulde koma

til Uppvokster, so vilde der verda ein stor Skog av

eit einaste Tre. Vistnog sjaa me, at største Parten

gjeng til Spilles, anten av di at det ikkje kjem i

Jordi, elder og at det ikkje fær Rom til aa veksa i;

men um det no ikkje verd just det, som det er skapat

til, so kjem det endaa til ymist Bruk i Skapningen,

so som til Føda fyre Fugl og annat Livende. For den

eine Deildi i Skapningen heng saman med den andre;

Vokstren fodrar seg av Jordtorva elder Steinriket, og

Livskapningen fodrar seg so halvveges av Voksterriket.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!