Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

aasentunet.no
from aasentunet.no More from this publisher
17.07.2013 Views

252 Skrifter i Samling II til nye Vokstrar av same Slag. Men i denne Framvokstren er det elles myken Skilnad; for sume av deim standa berre ein Sumar til Ende, med di dei renna upp um Vaaren og visna burt um Hausten, so at det verd ein ny Uppvokster fyre kvart Aar; andre derimot veksa seint upp og verda standande i mange Aar, so at dei berre faa ein liten Tilvokster fyre kvar Sumar og derimot standa i Kvild um Vetteren. Nokre av deim faa til kvar Sumar ein Tilvokster med Lauv, men sleppa det av seg um Hausten og standa sidan snaude, til at Vaaren kjem atter. Dei langstøduge Vokstrarne hava ein traust og heilvaksen Stuv, som veks nokot smaatt fyre kvart Aar, med di at Toppen fær eit litet Tilskot i Høgdi, og Stuven legg paa seg ei Flo med Save, som sidan hardnar og skapar seg til Vid, so at det verd ein ny Ring elder Gaare under Borken fyre kvar Vaar, som ein kann sjaa i Hogget paa Fura og ymse andre Treslag. Dei snarvaksne Voksterslagi hava derimot ein mjuk Stylk, som stundom endaa er innhol og myket tunn, men som lika fullt kann bera kraftige Frukter, som me til eit Merke kunna sjaa paa dei Grasslagi, som me kalla Korn. For baade dei smaae og dei store Voksterkynder era fulle med fine Røyrer elder Aadrar, som føra Saft ifraa Jordi elder fraa Luft og Væta, og som løypa denne Safti ut igjenom heile Vokstren. So lenge som detta Saftlaupet heve sin fulle Gang, so stend Vokstren heil og frisk; men naar det eingong stadnar anten av Alder elder annat Avbrot, so visnar Vokstren og morknar burt som annat Avfall. I denne Tilgangen med Uppvokster og Nedfall er der nokot likt med Livet i Dyreriket, og difyre verd det stundom ogso talat um eit Voksterliv; men det synest no ikkje aa vera høvelegt helder, for me kalla det ikkje nokot Liv, naar der korkje er Rørsla elder Vit elder Vilje med det. Paa nokre Voksterslag fell Toppen og Stuven burt

Skrifter i Samling II um Hausten, men Roti stend frisk og skyt nye Renningar um Vaaren. Nokre Slag era so «viljuge» til aa veksa, at naar ein heve eit Stykke av Roti elder endaa berre ein Kvist til aa setja i Jordi, so kjem der ein ny Vokster av det. Men elles er det dei fleste Slagi, som øksla seg berre med Fræ elder Frukt, som jamnaste veks ut av Toppen elder Greinom, anten som Bær elder Neter elder Smaakorn, stundom med ein liten Dusk av Dun elder med ein liten Veng elder Skjaa kring um seg. Som Fyrebod elder Merke fyre Fræet kjem der fyrst ein Tilvokster, som me kalla Blom, og som ofta heve ein bjart og prydeleg Lit og dertil ogso ei merkjeleg Innreiding. Paa nokre Voksterslag (som Selja) kann den eine Stuven hava bjartare Blomar med ei fin Mjølduft, som snart folnar og fell av; men den andre Stuven heve døkkare Blomar, som verda standande og skapa seg um til Fræ; daa kann ein segja, at den eine Stuven er Han (elder Faderstuv), og den andre er Ho (elder Moderstuv). Paa andre Slag (som Bjørk, Hasl og Storrgras) er der ein Kumar elder Knupp med berre Hanblom (Mjøltraadar) og ein annan med berre Ho-blom (Frævisar) paa same Stuven; men paa dei fleste Voksterslagi er der Han og Ho i same Blomen, so at Frævisarne standa i Midten, og Mjøltraadarne standa utan i Kring. Det verd so uttydt, at den fine Dufti i Mjøltraadom er det fyrste Emne til eit nytt Fræ, og at Frævisarne hava ei løynleg Kraft til aa draga denne Dufti aat seg og dermed fræva seg sjølve. Etter dei ymse Tilhøve med Blomen og Blømingi heve Voksterriket voret avdeilt i visse Hopar elder Rader til ei lettare Yversyn. Den vidkjende svenske Kunnskapsmannen Linnæus (elder Linné) deilte Voksterkynderna i 24 Hopar etter Blomskapet, og daa der er nokre Voksterslag, som ikkje hava nokon synleg Blom, so sette han desse i den sidste Hopen og gav deim eit Namn, som tyder løynmakade elder 253

Skrifter i Samling II

um Hausten, men Roti stend frisk og skyt nye Renningar

um Vaaren. Nokre Slag era so «viljuge» til

aa veksa, at naar ein heve eit Stykke av Roti elder

endaa berre ein Kvist til aa setja i Jordi, so kjem

der ein ny Vokster av det. Men elles er det dei fleste

Slagi, som øksla seg berre med Fræ elder Frukt, som

jamnaste veks ut av Toppen elder Greinom, anten

som Bær elder Neter elder Smaakorn, stundom med

ein liten Dusk av Dun elder med ein liten Veng

elder Skjaa kring um seg. Som Fyrebod elder Merke

fyre Fræet kjem der fyrst ein Tilvokster, som me

kalla Blom, og som ofta heve ein bjart og prydeleg

Lit og dertil ogso ei merkjeleg Innreiding. Paa nokre

Voksterslag (som Selja) kann den eine Stuven hava

bjartare Blomar med ei fin Mjølduft, som snart folnar

og fell av; men den andre Stuven heve døkkare

Blomar, som verda standande og skapa seg um til

Fræ; daa kann ein segja, at den eine Stuven er Han

(elder Faderstuv), og den andre er Ho (elder Moderstuv).

Paa andre Slag (som Bjørk, Hasl og Storrgras)

er der ein Kumar elder Knupp med berre Hanblom

(Mjøltraadar) og ein annan med berre Ho-blom

(Frævisar) paa same Stuven; men paa dei fleste Voksterslagi

er der Han og Ho i same Blomen, so at

Frævisarne standa i Midten, og Mjøltraadarne standa

utan i Kring. Det verd so uttydt, at den fine Dufti

i Mjøltraadom er det fyrste Emne til eit nytt Fræ,

og at Frævisarne hava ei løynleg Kraft til aa draga

denne Dufti aat seg og dermed fræva seg sjølve.

Etter dei ymse Tilhøve med Blomen og Blømingi

heve Voksterriket voret avdeilt i visse Hopar elder

Rader til ei lettare Yversyn. Den vidkjende svenske

Kunnskapsmannen Linnæus (elder Linné) deilte Voksterkynderna

i 24 Hopar etter Blomskapet, og daa

der er nokre Voksterslag, som ikkje hava nokon synleg

Blom, so sette han desse i den sidste Hopen og

gav deim eit Namn, som tyder løynmakade elder

253

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!