Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet
Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet
250 Skrifter i Samling II Rubin, Smaragd og fleire, som era nokot sjeldfengde og standa høgt i Pris. Ei fin Steinkynd, som kløyver seg i tunne glitrande Skivor, og som me kalla Kraakesylv, er mangstad aa finna, men er ikkje vidare havd til nokot Bruk. Av dei mange mjukare Steinslag kunna me nemna Kalkslaget; dertil høyrer Kalk (elder Limstein) og Gips og Krit, og dertil rekna dei ogso Marmor, som er myket brukat til ymse Kunstverk. Nokre Steinslag lata seg brenna og verda reknade til Kol-kyndi; det er slike som Brennestein (elder Svaavel) og Rav og Steinkol; og til denna Kyndi rekna dei ogso Demanten, som elles er det hardaste av alle Steinslag. Nokre andre lata seg bræda elder tida upp til Væta, og dei verda reknade til Saltkyndi; det er slike som Salt, Salpeter, Alun og Svertestein (Vitriol). Det Steinslaget, som er vidaste aa finna, høyrer no elles til same Telet, som det faste Bergslaget; og i Blanding med Steinen er der ymse Kynder av lausare og mjukare Tel, som liggja utjamnade i store Floer paa Jordi; det er slike som Aur, Sand, Leir, Torv og Mold. Av desse Jordkyndom er det Moldjordi, som er vidaste utbreidd, og som dertil ogso heve det største Verdet fyre Grasvokstren og Skogvokstren. Ein kann endaa segja, at liksom Jordi tenar til Fodring fyre Vokstren, so tenar Vokstren ogso til Fodring fyre Jordi, med di at alt Avfall av visnad og uppmorknad Vokster vil smaatt um Senn skapa seg um til Mold og mengja seg med den underliggjande Jordtorva. Bergkunnuge Folk gjera Skilnad paa eldre og yngre Lag i Jordbotnen, so at dei deila Grunnen i try store Lag, som er Grunnberg og Fletberg 1 og Tridjelag 2 , og dernæst lata dei det lause Jordslaget fylgja som eit Tillag ovanpaa. Desse Lagi skilja seg stundom i 1 Etter det tydske Flötzgebirge. Flötz er ei Flata elder Flo; eigenlege det same som vaart gamle «Flet». 2 Kallat dei «tertiære» Lag.
Skrifter i Samling II fleire Floer, og paa sume Stader kann det vera mange Floer fraa Grunnen og upp til Jordtorva; paa andre Stader kann Grunnberget ganga heilt upp i Jordflata og endaa stiga i Høgdi som store Fjell. Paa sume Stader kann eit Bergslag vera fullt av Smaafloer elder Millomfloer av eit annat Grjot, som me kunna sjaa i ymse Bergbrot, som hava heile Rader av slike Millomfloer, so at dei visa seg mest som Gaarar i Tre elder som Render i ein Vev. Ofta høver det og so til, at desse Gaararne halla upp og ned, so det er mest aa sjaa til, som um Berget hadde eingong voret blautt og bøygt seg upp og ned, som Baaror paa ein Sjo, og so sidan storknat i Hop og hardnat til. Og der er ogso fleire Likinde til, at det eingong heve voret store Umskjeplingar i Jordi, fyrr en ho fekk sitt fullkomne Skap; men kor det elles heve gjenget til, er vandt aa vita. Derimot er der ymse Umskifte i det øvste Jordlaget, som era lettare aa skyna, so som at Jord og Stein heve siget lenger ned ifraa Bergom, at Vatnet heve gravet seg djupare Rennor, og at Øyrarne elder Grandarne i Elvosom hava lagt seg lenger ut og vakset til av Sand og Gyrma, som Elvarne føra med seg. Slike Tiljamningar paa Jordi kunna ganga fyre seg endaa; men dei ganga so seint og smaatt, at me ikkje merka nokot stort til deim. b) Voksterriket. I den veksande Skapningen sjaa me ein heilt annan Skipnad en i Steinriket, med di at dei ymise Slag elder Kynder ikkje liggja samanmengde i ujamne Hopar, men derimot standa frie og serskilde kvar med sin sereigne Skapnad. Dei hava Innreide til aa draga Safter av Grunnen, som dei standa paa, og til aa laga elder tilverka desse Safterna paa kvar sin eigen Maate. Dei renna upp av eit litet Fræ og veksa til eit visst Maal, og sidan bera dei sjølve Fræ 251
- Page 199 and 200: Skrifter i Samling II skulde dei ve
- Page 201 and 202: Skrifter i Samling II ei Tydning av
- Page 203 and 204: Skrifter i Samling II tidlegt som A
- Page 205 and 206: Skrifter i Samling II ogso ymse und
- Page 207 and 208: Skrifter i Samling II 207 han meget
- Page 209 and 210: Skrifter i Samling II kaldet «Olaf
- Page 211 and 212: Skrifter i Samling II Sprogform led
- Page 213 and 214: Skrifter i Samling II til Meins fyr
- Page 215 and 216: Skrifter i Samling II skapsmann»,
- Page 217 and 218: Skrifter i Samling II Sjomann elder
- Page 219 and 220: Skrifter i Samling II HEIMSYN EI SN
- Page 221 and 222: Skrifter i Samling II Naar Folk far
- Page 223 and 224: Skrifter i Samling II samna seg i e
- Page 225 and 226: Skrifter i Samling II Det kann og v
- Page 227 and 228: Skrifter i Samling II mange Strauma
- Page 229 and 230: Skrifter i Samling II sladom ut yve
- Page 231 and 232: Skrifter i Samling II av Bogen; det
- Page 233 and 234: Skrifter i Samling II og Himmelbula
- Page 235 and 236: Skrifter i Samling II Tider; daa er
- Page 237 and 238: Skrifter i Samling II dertil er Sol
- Page 239 and 240: Skrifter i Samling II at heile denn
- Page 241 and 242: Skrifter i Samling II er den, som g
- Page 243 and 244: Skrifter i Samling II vokstren og G
- Page 245 and 246: Skrifter i Samling II Sudsida er Ar
- Page 247 and 248: hadde funnet Øyarne austanfyre Ame
- Page 249: Skrifter i Samling II Skalberg) og
- Page 253 and 254: Skrifter i Samling II um Hausten, m
- Page 255 and 256: Skrifter i Samling II Dauvnetla; e)
- Page 257 and 258: Skrifter i Samling II c) Dyreriket.
- Page 259 and 260: Skrifter i Samling II heve Mjølk i
- Page 261 and 262: Skrifter i Samling II mest av Gras,
- Page 263 and 264: Skrifter i Samling II og Veidehorn,
- Page 265 and 266: den rike Livskapningen, som me sjaa
- Page 267 and 268: Skrifter i Samling II seg Verjor et
- Page 269 and 270: Skrifter i Samling II at det verd n
- Page 271 and 272: Skrifter i Samling II fyre slike Ti
- Page 273 and 274: Skrifter i Samling II og soleides k
- Page 275 and 276: Skrifter i Samling II nokot Jordbru
- Page 277 and 278: Skrifter i Samling II endaa kjem ti
- Page 279 and 280: Skrifter i Samling II Uppstig, skal
- Page 281 and 282: Skrifter i Samling II Til Avgjerd a
- Page 283 and 284: Skrifter i Samling II ulike, og man
- Page 285 and 286: Skrifter i Samling II var ogso dei
- Page 287 and 288: Skrifter i Samling II Vestanfyre Gr
- Page 289 and 290: Skrifter i Samling II som heitte Di
- Page 291 and 292: Skrifter i Samling II Vyrdnad, og s
- Page 293 and 294: Skrifter i Samling II Valdhavarom.
- Page 295 and 296: Skrifter i Samling II Lukka seg so,
- Page 297 and 298: Skrifter i Samling II ymist i Strid
- Page 299 and 300: Skrifter i Samling II men sidan svi
250 Skrifter i Samling II

Rubin, Smaragd og fleire, som era nokot sjeldfengde

og standa høgt i Pris. Ei fin Steinkynd, som kløyver

seg i tunne glitrande Skivor, og som me kalla Kraakesylv,

er mangstad aa finna, men er ikkje vidare havd

til nokot Bruk. Av dei mange mjukare Steinslag

kunna me nemna Kalkslaget; dertil høyrer Kalk (elder

Limstein) og Gips og Krit, og dertil rekna dei ogso

Marmor, som er myket brukat til ymse Kunstverk.

Nokre Steinslag lata seg brenna og verda reknade til

Kol-kyndi; det er slike som Brennestein (elder Svaavel)

og Rav og Steinkol; og til denna Kyndi rekna dei

ogso Demanten, som elles er det hardaste av alle

Steinslag. Nokre andre lata seg bræda elder tida upp

til Væta, og dei verda reknade til Saltkyndi; det er

slike som Salt, Salpeter, Alun og Svertestein (Vitriol).

Det Steinslaget, som er vidaste aa finna, høyrer

no elles til same Telet, som det faste Bergslaget; og

i Blanding med Steinen er der ymse Kynder av lausare

og mjukare Tel, som liggja utjamnade i store

Floer paa Jordi; det er slike som Aur, Sand, Leir,

Torv og Mold. Av desse Jordkyndom er det Moldjordi,

som er vidaste utbreidd, og som dertil ogso

heve det største Verdet fyre Grasvokstren og Skogvokstren.

Ein kann endaa segja, at liksom Jordi tenar

til Fodring fyre Vokstren, so tenar Vokstren ogso til

Fodring fyre Jordi, med di at alt Avfall av visnad

og uppmorknad Vokster vil smaatt um Senn skapa

seg um til Mold og mengja seg med den underliggjande

Jordtorva.

Bergkunnuge Folk gjera Skilnad paa eldre og yngre

Lag i Jordbotnen, so at dei deila Grunnen i try store

Lag, som er Grunnberg og Fletberg 1 og Tridjelag 2 ,

og dernæst lata dei det lause Jordslaget fylgja som

eit Tillag ovanpaa. Desse Lagi skilja seg stundom i

1 Etter det tydske Flötzgebirge. Flötz er ei Flata elder Flo; eigenlege

det same som vaart gamle «Flet».

2 Kallat dei «tertiære» Lag.