17.07.2013 Views

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

240 Skrifter i Samling II

IV. UM JORDBOLKARNE.

Etter det, som no er umrødt, er det liti Raad fyre

oss til aa vita nokot stort um alt det, som er utanfyre

Jordi; og difyre faa me daa nøgja oss med aa

skoda paa den Kloten, som me ganga paa. Men so

er der og so myket til aa sjaa og skoda paa sjølve

Jordi, at me hava riklege nog fyre ein lang Alder.

Det er store Vidder paa Jordflata, som hava voret

lenge ukjende, og der er endaa ymse Land, som

Folk vita litet um. Det kann paa mange Stader vera

so myket Ulende og Uføre og so mange Faarar i

Vegen, at der knapt er farande fyre Folk; og daa

er det faae, som vilja vaaga seg paa Ferdi berre

fyre Kunnskaps Skuld, soframt som der ikkje er

nokon annan Vinning til aa trøyta seg etter. Paa

sume Stader er Solvarmen so stor, at det er mest

utolande utan fyre deim, som era barnfødde i Landet;

paa andre Stader er Kulden for stor, so som

under Nordpolen og endaa meir under Sudpolen,

med di at store Vidder er so tillagde med Is, at

ein ikkje rett kann vita, kvat Grunn som er innunder.

Til Merke fyre dei ymse Bolkar elder Deilder paa

Jordi bruka Folk aa nemna deim etter visse avmælte

Strik og Linor, som ein kann teikna paa eit Landkort

elder helst paa ein rund Klot (Globus). Dei

Striki, som ganga nord og sud fraa den eine Polen

til den andre, heita Lengdarstrik og verda reknade

etter Lengdi mot Aust elder Vest fraa eit visst Middagsstrik

(Meridian). Eit annat Slag er Tverstriki,

som ganga i Aust elder Vest i ein Ring um Jordi

og verda reknade etter Breiddi fraa Midlina og til

Polen; dei era kallade Breiddarstrik og era ulike paa

Lengdi, med di at alle Ringar minka fraa Midlina

og ut imot Polen, so at det sidstpaa verd berre ein

liten rund Kringel um Polstaden. Den største Ringen

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!