17.07.2013 Views

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Skrifter i Samling II

dertil er Soli for langt burte og dernæst so sjaa me,

at ho alltid varmar mest paa Laaglandet og minst i

Høgdi, so at der endaa i varmaste Jordbolken kann

vera Fjell med Is og Snjo paa Toppen. Det einaste

visse er, at Ljoset fraa Soli heve ei serleg Kraft til

aa vekkja Varme paa Jordi elder til aa varma det

Luftlaget, som er næst ved Sjoflata. Denne Krafti

er nokot vandsleg til aa skyna og tyda; men so er

det og med mange andre av dei store Krafter i Skaparverket.

Maanen er oss myket nærre en alle andre Himmelklotar,

og difyre synest han vera so stor, endaa

han er berre liten imot andre Klotar. Maaneljoset

er, som fyrr sagt, berre eit Atterskin; og derav kjem

det, at det veks og minkar. Naar Maanen stend imillom

Jordi og Soli, so vender han Baksida til oss og

er myrk; men etter tvo-tri Dagar er han komen so

langt auster um Soli, at me sjaa ein Trøm av den

ljose Sida paa honom, og sidan verd denne Ljossida

større fyre kvar Dag. Etter fjortan Dagar er han

komen paa Baksida av Jordi, so at han vender heile

si ljose Sida imot oss; det kalla me «full Maane».

Deretter gjeng han um paa vinstre Sida, og daa

vender den ljose Maanesida meir og meir ifraa oss,

til dess at ho kverv reint burt; og daa verd det «ny

Maane» atter. Denne Umgangen kjem nær inn paa

tretti Dagar (eigenlege 29 1/2 Dag), og deretter er

Maanadstalet reknat; men daa det verd nokot meir

en tolv Umgangar i eit Aar, so er nokre Maanadar

reknade til tretti Dagar, og nokre til ein og tretti,

so det kann høva saman med Aarsgangen. For eit

Aar er det same som ein Umgang um Soli og heve

alltid si visse Lengd, som er try hundrad og fem og

seksti Dagar og seks Timar, so at fjordekvart Aar

verd ein Dag lenger.

I den Timen, daa Nymaanen gjeng auster um Soli,

hender det stundom, at han kjem so beint i Striket

237

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!