Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

aasentunet.no
from aasentunet.no More from this publisher
17.07.2013 Views

232 Skrifter i Samling II en nokre faae Miler ut ifraa Jordi, og sidan er det berre den klaare Himmelrømdi utanfyre. Der maa det daa vera tomt og audt fyre den Lufti, som høyrer til Livet paa Jordi; og dertil maa der ogso vera ein Kulde, som er større en alt, som Folk hava freistat. III. UM HIMMELKLOTARNE. Etter det, som fyrr er sagt, er Jordi sjølv ein svivande Klump elder Klot i den store Himmelrømdi; og av slike Klotar er der ogso fleire, som me alle sjaa med Augom, av di dei visa seg fyre oss som Ljos elder lysande Ting. Dertil høyrer no fyrst «dei tvau store Ljosi», som er Sol og Maane. Av desse er det Maanen, som er næst ved Jordi; det kunna me sjaa paa Skinet, med di at han verd myrk, naar han kjem paa den Sida, der Soli er, og kann fyrst faa sitt fulle Skin, naar han kjem paa den andre Sida av Jordi. Dermed viser det seg og, at han i seg sjølv er lika so myrk som Jordi, og at han berre lyser med eit Atterskin fraa den Sida, som vender mot Soli. Med Solljoset er derimot eit annat Lag: Soli stend alltid med fullt Ljos, alltid lika bjart og brikjande, so at den Sida av Jordi, som vender imot henne, vil alltid faa sitt fulle Dagsljos, og um Lufti stundom er full av Skyer, so er Ljoset endaa sterkt nog til aa trengja seg igjenom og gjera Dag paa Jordi. Fyre Augnesyni viser det seg so, at Jordi stend fast i Midten av Himmelrømdi, og at Sol og Maane og Stjernor ganga rettsøles i ein Ring elder Boge um Jordi. Difyre segja me og, at Soli gjeng upp og ned, og Maanen lika eins; for det fell oss so kvæmt og høvelegt, at me ikkje kunna segja det paa annan Maate. Det heve ogso voret lange Tider, daa alt Folk trudde, at alle Himmelklotar gingo rundt um Jordi, men i seinare Tider, daa Jordi vardt umsigld,

Skrifter i Samling II og Himmelbularne vordo grannare ettersedde, viste det seg, at desse Tilhøvi maatte hava ei onnor Tyding. Og sidstpaa vardt det daa avgreidt so, at det er berre Maanen, som gjeng rundt um Jordi, men at Jordi sjølv gjeng rundt um Soli, og at der endaa er fleire Klotar, som ganga i Kring um Soli, og at sume av deim ogso hava sine Maanar med seg. Etter denne Tydingi heng det soleides saman, at Soli stend paa sin eigen Stad som ei onnor Stjerna, og at Jordi gjeng i ein avlang Ring um Soli, so at ho fullfører denne Umgangen paa eit Aar; og paa denne Vegen fylgjer Maanen med, so at han gjeng rundt um Jordi tolv Gonger og nokot paa den trettande, fyrr en Aaret er utlidet. Men med det same heve Jordi ogso ei onnor Rørsla, med di at ho snur seg rundt i Kring og fullfører denne Umsnuingi paa fjore og tjuge Timar, som me kalla eit Døger. Og desse Rørslorna ganga so jamt og stødt i den store Rømdi, at me ikkje kjenna nokot til deim; den eine Umgangen er so lik den andre, at me ikkje kunna sjaa nokon Skilnad paa deim. Daa no Soli alltid er lika ljos, vil det alltid vera ein Halvpart elder ei Sida av Jordi, som heve Ljos og Dag, medan den andre Sida stend i Skuggen og heve Natt. Og daa Jordkloten er skapad som ei Kula (som fyrr er sagt), so verd det alltid berre ei liti Flata, som vender beint imot Soli. I Midten av Dagsida verd det ein liten Kuv, som heve Soli beint upp yver seg; utanfyre den Kuven verd det ein stor Ring, som hallar nokot burt ifraa Soli, og utarst i Dagsida hallar det so sterkt, at Soli stend tett ved Landbruni elder i laagaste Himmelsynet. Men daa no Jordi alltid held paa med ei Umsnuing, so vil denne Dagsida alltid flytja seg etter Soli fraa den eine Flata til den andre. Og deretter vil ogso Varmelaget retta seg; der som Soli stend høgst, verd Varmen størst; men ute paa Sidom verd han mindre, 233

Skrifter i Samling II

og Himmelbularne vordo grannare ettersedde, viste

det seg, at desse Tilhøvi maatte hava ei onnor Tyding.

Og sidstpaa vardt det daa avgreidt so, at det

er berre Maanen, som gjeng rundt um Jordi, men at

Jordi sjølv gjeng rundt um Soli, og at der endaa er

fleire Klotar, som ganga i Kring um Soli, og at sume

av deim ogso hava sine Maanar med seg.

Etter denne Tydingi heng det soleides saman, at

Soli stend paa sin eigen Stad som ei onnor Stjerna,

og at Jordi gjeng i ein avlang Ring um Soli, so at

ho fullfører denne Umgangen paa eit Aar; og paa

denne Vegen fylgjer Maanen med, so at han gjeng

rundt um Jordi tolv Gonger og nokot paa den trettande,

fyrr en Aaret er utlidet. Men med det same

heve Jordi ogso ei onnor Rørsla, med di at ho snur

seg rundt i Kring og fullfører denne Umsnuingi paa

fjore og tjuge Timar, som me kalla eit Døger. Og

desse Rørslorna ganga so jamt og stødt i den store

Rømdi, at me ikkje kjenna nokot til deim; den eine

Umgangen er so lik den andre, at me ikkje kunna

sjaa nokon Skilnad paa deim.

Daa no Soli alltid er lika ljos, vil det alltid vera

ein Halvpart elder ei Sida av Jordi, som heve Ljos

og Dag, medan den andre Sida stend i Skuggen og

heve Natt. Og daa Jordkloten er skapad som ei

Kula (som fyrr er sagt), so verd det alltid berre ei

liti Flata, som vender beint imot Soli. I Midten av

Dagsida verd det ein liten Kuv, som heve Soli beint

upp yver seg; utanfyre den Kuven verd det ein stor

Ring, som hallar nokot burt ifraa Soli, og utarst i

Dagsida hallar det so sterkt, at Soli stend tett ved

Landbruni elder i laagaste Himmelsynet. Men daa

no Jordi alltid held paa med ei Umsnuing, so vil

denne Dagsida alltid flytja seg etter Soli fraa den

eine Flata til den andre. Og deretter vil ogso Varmelaget

retta seg; der som Soli stend høgst, verd Varmen

størst; men ute paa Sidom verd han mindre,

233

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!