17.07.2013 Views

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

232 Skrifter i Samling II

en nokre faae Miler ut ifraa Jordi, og sidan er det

berre den klaare Himmelrømdi utanfyre. Der maa

det daa vera tomt og audt fyre den Lufti, som

høyrer til Livet paa Jordi; og dertil maa der ogso

vera ein Kulde, som er større en alt, som Folk hava

freistat.

III. UM HIMMELKLOTARNE.

Etter det, som fyrr er sagt, er Jordi sjølv ein svivande

Klump elder Klot i den store Himmelrømdi;

og av slike Klotar er der ogso fleire, som me alle

sjaa med Augom, av di dei visa seg fyre oss som

Ljos elder lysande Ting. Dertil høyrer no fyrst «dei

tvau store Ljosi», som er Sol og Maane. Av desse

er det Maanen, som er næst ved Jordi; det kunna

me sjaa paa Skinet, med di at han verd myrk, naar

han kjem paa den Sida, der Soli er, og kann fyrst

faa sitt fulle Skin, naar han kjem paa den andre

Sida av Jordi. Dermed viser det seg og, at han i

seg sjølv er lika so myrk som Jordi, og at han berre

lyser med eit Atterskin fraa den Sida, som vender

mot Soli. Med Solljoset er derimot eit annat Lag:

Soli stend alltid med fullt Ljos, alltid lika bjart og

brikjande, so at den Sida av Jordi, som vender imot

henne, vil alltid faa sitt fulle Dagsljos, og um Lufti

stundom er full av Skyer, so er Ljoset endaa sterkt

nog til aa trengja seg igjenom og gjera Dag paa

Jordi.

Fyre Augnesyni viser det seg so, at Jordi stend

fast i Midten av Himmelrømdi, og at Sol og Maane

og Stjernor ganga rettsøles i ein Ring elder Boge

um Jordi. Difyre segja me og, at Soli gjeng upp og

ned, og Maanen lika eins; for det fell oss so kvæmt

og høvelegt, at me ikkje kunna segja det paa annan

Maate. Det heve ogso voret lange Tider, daa alt

Folk trudde, at alle Himmelklotar gingo rundt um

Jordi, men i seinare Tider, daa Jordi vardt umsigld,

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!