17.07.2013 Views

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

230 Skrifter i Samling II

Desse Tilstand i Vedret kunna skifta seg i mange

Slag, etter som Vind og Varme raader i Lufti; og

sume av desse Umskiftom kunna vera vandslege nog

til aa skyna. Eit av dei undarlegaste Tilfelle er det,

som heiter Eldingar elder Ljon; det er ein Eldgneiste,

som kveikjest i Skyom og skyt seg ut med ei unemneleg

Hast og med ein brakande Ljod, som me kalla

Tora. At ei Regnsky skulde kveikja Eld, maatte synast

utrulegt; men endaa sjaa me, at det kann ganga

fyre seg. Der er ei Kraft i Skapningen, som her kann

heita Ravkraft, og som viser seg i ymse Ting soleides,

at naar dei verda hardt strokne elder skurade,

so kunna dei draga ymse lette Ting til seg elder

støyta deim fraa seg, og dertil kunna dei ogso skjota

Gneistar med ein knettande elder smellande Ljod.

Denne Krafti var fyrst uppdagad i eit Slags Steinkvaada

elder Perlestein, som heiter Rav 1 ; men seinare

heve den same Krafti vordet funni i mange

andre Ting og nøytt og freistad paa mange Maatar,

so det vilde verda for langt aa tala um alt, som dertil

høyrer. No verd det soleides utlagt, at der paa

ymse Tider, og helst i Varme og Regnveder, er ei

stor Mengd av Ravkraft i Lufti, og at detta verkar

til ei Strøyming og Strjuking i Skyom, so at det

stundom vil smella laust med slike Utbrot.

Nokre Syner i Lufti koma berre av ei Avspegling

elder Brøyting i Ljosstraalom; dertil høyrer Regnbogen,

som viser seg fyre oss, naar me hava klaar

Sol paa den eine Sida og ein tjukk Regn-eling paa

den andre. Di større og breidare Elingen er, di vænare

verd Regnbogen; og i beste Høvet sjaa me

endaa tvo Bogar, den eine upp-yver den andre, og

eit myrkt Skybelte imillom deim; men naar Elingen

er nokot tunn og liten, so sjaa me berre ein Stubbe

1 Det græske Namnet paa Rav er «Elektron», og deretter er denne

Krafti kallad «Elektricitet». Det er eit Namn, som me ikkje

kunna bruka.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!