Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet
Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet
200 Skrifter i Samling II Valdsmenner, som aldri kunde samtrivast med Landsens Folk, fyrr en dei fingo tukta det upp i sine eigne Seder og sitt eiget Maal, so var det inkje undrast paa, um me tykte, at detta var ein undarleg Fridom, som no var komen. Det var daa rimelegt nog, at me inkje lenger hadde so stor Hug til at syngja um sjauttande Mai elder høyra paa Talarne um Landsens Fridom og Sjølvstøda. Men med alt detta faa me daa minna oss um, at Fridomen er ein god Ting, um han endaa er misteken og illa brukad. Det er daa alltid ei Heppa at hava eit fast Grunnlag fyre Landsens Fridom, og sidan faa me daa ogso vona, at Landsens Folk med Tidi vil faa rettare Tankar um Landsseden og, so dei kunna vita betre Greida paa kvat det er, som er verdt at hævda og halda, og kvat det er, som trenger til Umbot og Betring. Me vilja vona, at vaart Folk vil snart koma til betre Skyn paa sin eigen Heider, so det inkje lenger byter burt Gulldalaren sin fyre ein Koparskilling og inkje skjemmest ved at likjast sine Forfeder i alle dei Ting som just ero Landsens Æra og Prydnad, naar dei berre verda rett upptekne. UM NAMNET OSLO. I dei sidste Aarom hava me einkvar Gongen seet det gamle Bynamnet Oslo umbrøytt til Aaslo, og no sidst fingo me sjaa det atter i «Illustreret Nyhedsblad» i eit Stykke fraa Nicolaysen um dei sidste Utgravningar i «Aaslo». Detta syntest oss vera ei uventande Avbrøyting i ein Ting, som me inkje trudde, der kunde verda nokot Tvilsmaal um; og difyre tyktest me ogso hava ei sterk Tildriving til at leita etter, kvat Grunn det kunde hava. I det frægdarlege Verket «Det norske Folks Historie» hever vaar hedanfarne Prof. Munch sett fram
Skrifter i Samling II ei Tydning av Namnet Oslo, som me fyrst maa merka. Paa den Staden, der han talar um Grunnlaget til Byen Oslo under Harald Hardraade (B. 3, S. 201), hever han lagt til ein Merknad um, at Namnet skulde helder vera Aaslo, at det i gamle Skrifter er lika so ofta stavat «Aslo» som Oslo, og i latinske Skrifter oftaste Asloia, og at Namnet maa vera ein Samansetning av «Lo» (d. v. s.: ei laag Strand under ei Høgd eller Bergsida) med «Aas» (ein Bergrygg) og inkje med «Os» (eit Elvargap), som her inkje vilde vera høvelegt. Med det same slær han ogso paa det, at Aaslo kann fyrst hava voret Bygdarnamn eller gjeldande fyre eit heilt Herad lika eins som Foldlo (Follo), som daa var det næste Herad paa Sudsida. Med all Vyrdnad fyre Minnet av den navnfræge Mannen, som hever leivt etter seg so rike Upplysningar um Landsens Forntid, kann eg daa ikkje dylja ein Tanke um, at det her i detta Stykket maa vera nokot som er forhastat, og at der vist er lagt for stor Vegt paa den fraavikande Stavemaaten i dei gamle Brevom. Eg tykjest ikkje finna det fullt avgjort, at Oslo skulde vera eit uhøvelegt Namn, og at Aaslo skulde vera den eldste Form. Um Namnet «Lo», som finst atter i so mange andre Gardsnamn, lyt eg segja det same, som M. Arnesen hever sagt i hans litle Bok um «Norske Stedsnavne» (Fredrikshald 1865), at det vistnog maa vera ei laag Strand, men at det just ikkje treng um at liggja under eit Berg eller Fjell. Det likjest nokot attpaa det tydske Ordet Lo (Loh), som tyder Myrar eller myrlendte Engjar; men det synest altid vera Merke med det norske Lo, at det skal liggja tett ved Vatnet. Etter Tillægjet paa dei Gardarne, som her heita Lo, synest Namnet rett fram tyda: ei Engsletta eller Flatmark, som ligg langs med Elv eller Vatn. Og etter denne Skapnaden vil Namnet høva godt til ein Gard eller ein Jordflekk, men ikkje 201
- Page 149 and 150: Skrifter i Samling II betragtes som
- Page 151 and 152: Skrifter i Samling II moen ligger h
- Page 153 and 154: Skrifter i Samling II og desuden so
- Page 155 and 156: Skrifter i Samling II 155 især af
- Page 157 and 158: Skrifter i Samling II YMSE UTGREIDI
- Page 159 and 160: UM VANEN. Skrifter i Samling II Da
- Page 161 and 162: han skal venda um atter, og koma pa
- Page 163 and 164: Skrifter i Samling II og da set han
- Page 165 and 166: Skrifter i Samling II Verknaden, so
- Page 167 and 168: Skrifter i Samling II dei. Styrke e
- Page 169 and 170: hardt paa dei store som paa dei sma
- Page 171 and 172: Skrifter i Samling II i Kunstigtuds
- Page 173 and 174: Skrifter i Samling II glædeligheds
- Page 175 and 176: Skrifter i Samling II UM FOLKASEGNE
- Page 177 and 178: Skrifter i Samling II Adam og Eva o
- Page 179 and 180: Skrifter i Samling II Kong Olav og
- Page 181 and 182: Kong Jon let Mennerne sine grava up
- Page 183 and 184: Skrifter i Samling II desse Ordi vo
- Page 185 and 186: Skrifter i Samling II ei gomol Segn
- Page 187 and 188: Skrifter i Samling II en 52 Vikor,
- Page 189 and 190: Skrifter i Samling II Naar du seer
- Page 191 and 192: Skrifter i Samling II ein ny Upplys
- Page 193 and 194: Skrifter i Samling II Land, at han
- Page 195 and 196: Skrifter i Samling II han ikkje jus
- Page 197 and 198: Skrifter i Samling II 3. UM FRIDOME
- Page 199: Skrifter i Samling II skulde dei ve
- Page 203 and 204: Skrifter i Samling II tidlegt som A
- Page 205 and 206: Skrifter i Samling II ogso ymse und
- Page 207 and 208: Skrifter i Samling II 207 han meget
- Page 209 and 210: Skrifter i Samling II kaldet «Olaf
- Page 211 and 212: Skrifter i Samling II Sprogform led
- Page 213 and 214: Skrifter i Samling II til Meins fyr
- Page 215 and 216: Skrifter i Samling II skapsmann»,
- Page 217 and 218: Skrifter i Samling II Sjomann elder
- Page 219 and 220: Skrifter i Samling II HEIMSYN EI SN
- Page 221 and 222: Skrifter i Samling II Naar Folk far
- Page 223 and 224: Skrifter i Samling II samna seg i e
- Page 225 and 226: Skrifter i Samling II Det kann og v
- Page 227 and 228: Skrifter i Samling II mange Strauma
- Page 229 and 230: Skrifter i Samling II sladom ut yve
- Page 231 and 232: Skrifter i Samling II av Bogen; det
- Page 233 and 234: Skrifter i Samling II og Himmelbula
- Page 235 and 236: Skrifter i Samling II Tider; daa er
- Page 237 and 238: Skrifter i Samling II dertil er Sol
- Page 239 and 240: Skrifter i Samling II at heile denn
- Page 241 and 242: Skrifter i Samling II er den, som g
- Page 243 and 244: Skrifter i Samling II vokstren og G
- Page 245 and 246: Skrifter i Samling II Sudsida er Ar
- Page 247 and 248: hadde funnet Øyarne austanfyre Ame
- Page 249 and 250: Skrifter i Samling II Skalberg) og
Skrifter i Samling II

ei Tydning av Namnet Oslo, som me fyrst maa merka.

Paa den Staden, der han talar um Grunnlaget til Byen

Oslo under Harald Hardraade (B. 3, S. 201), hever han

lagt til ein Merknad um, at Namnet skulde helder vera

Aaslo, at det i gamle Skrifter er lika so ofta stavat

«Aslo» som Oslo, og i latinske Skrifter oftaste Asloia,

og at Namnet maa vera ein Samansetning av «Lo»

(d. v. s.: ei laag Strand under ei Høgd eller Bergsida) med

«Aas» (ein Bergrygg) og inkje med «Os» (eit Elvargap),

som her inkje vilde vera høvelegt. Med det

same slær han ogso paa det, at Aaslo kann fyrst

hava voret Bygdarnamn eller gjeldande fyre eit heilt

Herad lika eins som Foldlo (Follo), som daa var det

næste Herad paa Sudsida.

Med all Vyrdnad fyre Minnet av den navnfræge

Mannen, som hever leivt etter seg so rike Upplysningar

um Landsens Forntid, kann eg daa ikkje dylja

ein Tanke um, at det her i detta Stykket maa vera

nokot som er forhastat, og at der vist er lagt for

stor Vegt paa den fraavikande Stavemaaten i dei

gamle Brevom. Eg tykjest ikkje finna det fullt avgjort,

at Oslo skulde vera eit uhøvelegt Namn, og

at Aaslo skulde vera den eldste Form.

Um Namnet «Lo», som finst atter i so mange

andre Gardsnamn, lyt eg segja det same, som M.

Arnesen hever sagt i hans litle Bok um «Norske

Stedsnavne» (Fredrikshald 1865), at det vistnog maa

vera ei laag Strand, men at det just ikkje treng um

at liggja under eit Berg eller Fjell. Det likjest nokot

attpaa det tydske Ordet Lo (Loh), som tyder Myrar

eller myrlendte Engjar; men det synest altid vera

Merke med det norske Lo, at det skal liggja tett

ved Vatnet. Etter Tillægjet paa dei Gardarne, som

her heita Lo, synest Namnet rett fram tyda: ei

Engsletta eller Flatmark, som ligg langs med Elv

eller Vatn. Og etter denne Skapnaden vil Namnet

høva godt til ein Gard eller ein Jordflekk, men ikkje

201