17.07.2013 Views

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Skrifter i Samling II

skulde dei vel hava Rett til at segja nei og endaa

vera haldne fyre vyrdande Folk. Der skulde ein tru,

at eit Lands Folk hadde Rett til at fylgja Landsens

gamle Sed i alt det, som inkje var til Skade fyre

andre og inkje fyre deim sjølve helder; ein skulde

inkje tru, at dei skulde lida Spott og Spe, og at all

deira Gjerning og Tale skulde vera vanvyrd fyre den

Skuld.

Me som ero uppfødde i Landsbygdom hava ogso

havt Hug til at gledja oss i Fridomen, men det hever

alltid voret eitkvart som hever støytt oss tilbaka. Di

meir me fingo Upplysning um vaare gamle Forfeder,

di meir tyktest me skylduge til at æra vaare næste

Forfeder, fyre di dei endaa hadde leivt oss ein god

Lut av den gamle Erveseden. Me hadde tenkt, at

det kunde vera her som i andre Land, at Landsfolket

skulde halda og hevda sin Ervesed og vistnog bøta

og betra honom, um det turvtest, men aldri vanvyrda

og spotta og hata honom. Me hadde tenkt, at sidan

det no eingong hadde hendt av ei Slumpelukka at

Bønder hadde fenget Lov til at vera med i Raadlaget

um Landsens Saker, so skulde detta hava ein

Verknad til at føra den heimlege Tenkjesed og Talesed

eit Stykke høgre upp; og det tyktest vera uhøvelegt,

at desse Folk skulde vera nøydde til at taka

ved ein framand Sed og korkje faa Lov til at tala

som dei vilde elder liva som dei vilde i annan Maate,

soframt dei inkje vilde høyra allskyns Drøsor og

Spottord i Skrift og Tale. Me hadde ogso, daa me

komo ut i Verdi, tenkt at faa taka med oss nokot

av Heimseden i Tale og Framferd, og um so var,

at me skulda byta burt nokot av Erveseden, so skulde

det vera mot ein Sed, som høyrde til vaart eiget

Land og inkje til eit annat Land. Og naar det no

paa alla Sidor var høyrande til, at all vaar Fedrased

var dømd som Svinaferd og Villmannskap; daa det

saag ut som um Landet var nyst innteket av framande

199

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!