Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

aasentunet.no
from aasentunet.no More from this publisher
17.07.2013 Views

194 Skrifter i Samling II hever voret ei Framgangstid paa alla Sidor. Den som hever livt i den Mannsaldren daa Eimskipi og Eimvognerne komo til, daa Telegrafen elder Bodsendingstraaden var uppfunnen, daa Gaslysingi var innførd i Byarne, og allskyns andre Umbøter og Lettingar i Ervedet vordo upptekne, han maa vel segja, at han hever voret uppe i ei Framgangstid. Og i slika Tider er det mest umoglegt fyre eit Lands Folk at standa urørlegt paa same Stiget som fyrr. Det eine Landet dreg det andre med seg, og der dei store ganga fyre, vilja dei smaae dalka etter. Vistnog er det no so, at det er ikkje alle, som njota godt av desse Framstigi, kannhenda det og er einkvar som tapar, medan andre vinna. Og naar dei fleste vinna, so lyt ein no kalla det Framgang likavel. Men det som eg her vilde segja, var just det, at me inkje skulde gjera nokot stort Skrøyt av slike Framstig, som me inkje sjølve gjorde Upphavet til, men som me helder vaaro nøydde til at gjera, naar me skulde fylgja nokorleides jamt med dei Landslydom, som stodo næst attved oss. Di næst er det no ogso merkande, at det er mangt, som sume kalla Framgang, men som aldri er stort verdt. Det er stundom høyrande til, at alle nye Vendingar skulde heita Framgang; det er ymse Folk, som ero reint for fatige paa alle gamle Sedvanar og vilja berre, at Folk skal alltid freista nokot nytt anten det so er slikt elder slikt. Men det er ikkje alt galet, som gamalt er, og helder ikkje alt nyttugt som nytt er. Kunna Folk faa seg betre Hus og betre Bunad av sin eigen Tilkostnad og inkje paa Laan og Borg, so er det ein Framgang, som er Mun i. Kunna dei faa betre Kunnskap og Upplysning, so er det ogso ein Framgang, soframt Kunnskapen er sann og gagnleg og inkje berre gjeng ut paa faafengde Gruvlingar paa Ting, som inkje koma Folket ved. Eg tenkjer at ein Mann kann vera ein god Framgangsmann, um

Skrifter i Samling II han ikkje just klæder seg i Kjole og Krage paa Herremanns Viis, um han eter sin Graut og drikker si Blanda, som Folk hava gjort fyrr. Eg tenkjer der kann vera god Framgang i eit Hus, um det inkje er maalat paa alla Sidor og fullsett med Speglar og Blomsterkrukkor. Eg helder det fyre eit litet Framstig, at Folk leggja all sin Kostnad paa Veggjer og Skaaper, og helder svelta og tyrsta en vilja høyra, at det seer simpelt ut i Huset. Og helder inkje held eg det fyrre nokon stor Framgang, at Folk vilja tufsa burt i allskyns Lærdom, og naar dei hava lært nokre nye Namn og nye Notar, tykjast vera komne so uhorvelege langt fram, at deit berre læja aat sine Forfeder og gjera Narr av all deira Tru og Tanke. Dei gamle visste ogso, kvat dei gjorde, og det spyrst, um det nye vil halda seg beter i Lengdi. Det var paa ein Stad nord i Landet, at der kom nokre framande fyre nokre Aar sidan, som lastade paa Bønderne fyre det, at dei budde i Rotstovor elder Røykstovor, og sagde deim, at detta var berre Svinaferd og Raaskap ifraa den gamle Villmannskapen. Daa var det nokre av deim, som bygde seg Omnstovor og vilde sjaa um det vardt so mykjet gildare. Men dei angrade paa Skiftet og saago, at det gamle høvde deim best, og sidan hava dei bygt seg Røykstovor etter den gamle Visi. Og same Vegen vil det vel ogso ganga med ymse andre Skifte, som hava voret utropade som eit stort Framstig, men som i Røyndi synest helder vera Nyfikna og Tidarspille. Der er visse Skilsteinar og Endemerke fyre all Framgang i denne Heimen. Det hender og stundom, at det, som eingong var kallat Framgang, verd sidan kallat Attergang, so den heile Rørsla er snaraste som eit Umdriv, ei Kringrenning elder ein Ringstraum som fører Mannen med seg baade vidt og breidt, men sidstpaa seter honom upp atter paa same Staden som fyrr, elder kann henda driver honom av til ei verre 195

Skrifter i Samling II

han ikkje just klæder seg i Kjole og Krage paa

Herremanns Viis, um han eter sin Graut og drikker

si Blanda, som Folk hava gjort fyrr. Eg tenkjer der

kann vera god Framgang i eit Hus, um det inkje er

maalat paa alla Sidor og fullsett med Speglar og

Blomsterkrukkor. Eg helder det fyre eit litet Framstig,

at Folk leggja all sin Kostnad paa Veggjer og

Skaaper, og helder svelta og tyrsta en vilja høyra,

at det seer simpelt ut i Huset. Og helder inkje held

eg det fyrre nokon stor Framgang, at Folk vilja tufsa

burt i allskyns Lærdom, og naar dei hava lært nokre

nye Namn og nye Notar, tykjast vera komne so

uhorvelege langt fram, at deit berre læja aat sine Forfeder

og gjera Narr av all deira Tru og Tanke. Dei

gamle visste ogso, kvat dei gjorde, og det spyrst,

um det nye vil halda seg beter i Lengdi. Det var

paa ein Stad nord i Landet, at der kom nokre framande

fyre nokre Aar sidan, som lastade paa Bønderne

fyre det, at dei budde i Rotstovor elder Røykstovor,

og sagde deim, at detta var berre Svinaferd

og Raaskap ifraa den gamle Villmannskapen. Daa

var det nokre av deim, som bygde seg Omnstovor

og vilde sjaa um det vardt so mykjet gildare. Men

dei angrade paa Skiftet og saago, at det gamle høvde

deim best, og sidan hava dei bygt seg Røykstovor

etter den gamle Visi. Og same Vegen vil det vel

ogso ganga med ymse andre Skifte, som hava voret

utropade som eit stort Framstig, men som i Røyndi

synest helder vera Nyfikna og Tidarspille.

Der er visse Skilsteinar og Endemerke fyre all

Framgang i denne Heimen. Det hender og stundom,

at det, som eingong var kallat Framgang, verd sidan

kallat Attergang, so den heile Rørsla er snaraste som

eit Umdriv, ei Kringrenning elder ein Ringstraum som

fører Mannen med seg baade vidt og breidt, men

sidstpaa seter honom upp atter paa same Staden som

fyrr, elder kann henda driver honom av til ei verre

195

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!