Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

aasentunet.no
from aasentunet.no More from this publisher
17.07.2013 Views

190 Skrifter i Samling II Me hava Grunnlaget til Fridom, og sidan er det vaar eigi Sak, um me vilja vera frie Folk elder Trælar. Og difyre skulo me skiljast med goda Voner. Me hava ogso den Trøyst, at me inkje hava drukket so mange Skaaler, at det kann vera til Skade fyre Avhaldssaki elder vondt Exempel fyre Aalmugen. Og dermed vilja me ganga heimatter, kvar til seg, og kvila Øyro vaare etter det store Stræv, som dei hava havt i Dag. TALAR FYRE TOME STOLAR. 1. MINNEFESTARNE. Detta Aaret hever voret eit stort Aar fyre alle deim, som lengta etter Festar og Stas og store Gjestbod; den eine Festen var stor, og den andre større, og Talar og Skaaler hava fallet so riklege at det lenge sidan maatte synast, at der inkje var Rom til fleire. Men endaa er det daa sume av oss, som berre hava gjenget utan i Kring og berre lydt paa og som inkje torde tala med, av di me hava ikkje Gaava til at tala soleides, som Folk vilja hava det. Dermed er det no just ikkje sagt, at me ero misnøgde med alt, som me hava høyrt; for med alt som me hava til at kjekla um, er det daa ymse Ting, som me alle taka paa same Maaten. Soleides plaga me alle vera samtykte i det Upptaket, at det var ei Lukka fyre Landet, daa det fyre femti Aar sidan slitnade langt ifraa det danske Riket; for med alt det, som er sagt um Skyldskap og Broderskap, so er det daa eit breidt Hav imillom baade Landi; og naar det eine Folket andelege skulde vera samantjodrat med eit annat, so skulde det helst vera med det, som stod næst og budde paa same Landstròka. Lika eins plaga me vera samtykte um, at det var ei stor Heppa, at denne Løysningi kom paa ei Tid, daa

Skrifter i Samling II ein ny Upplysnings Ande var komen yver deim, som stodo fremst i Folkahopen, daa Løysningsstriden i Amerika, og Umstøyten i Frankrike hadde vakt upp alle vitsame Folk til at tenkja paa ein betre Tilbunad med Landsens Styr og Skipnad. Me ero mange som kalla det eit heppelegt Tilhøve, at Løysningi kom i den Tidi, daa Fridoms Anden var i sitt friskaste Lag, daa Folk vaaro mest tilbøygde til den Tanken, at Bonde og Borgar hadde same Rett til at styra sin eigen Bunad og skipa si Styring so, at dei inkje lenger skulde rekast fraa Trældom til Trældom, ut or det eine Ovriket og inn i det andra, som fyrr hadde voret deira vanlege Lagnad. Og her kunna me vist ogso leggja til, at det var eit heppelegt Tilhøve fyre vaart eiget Folk, at Fridomen var trugad med store Faarar. Det var avgjort av framande Magter at me skulde faa eit nytt Herredøme i Staden fyre det gamle; dei vilde taka oss fraa det eine Riket og leggja oss under eit annat; og soleides skulde Løysningi verda berre ei Binding i eit annat Band. Skulde her verda nokot gjort, som kunde hjelpa so laut heile Landslyden standa trufast saman og gjera all den Tilkostnad, som eit Folkaslag kann gjera, naar det gjeld um Landsens Velferd. Her kunde inkje verda nokon Hovdingastrid og helder inkje nokot fullkomet Stormannsvald. Dei som stodo fremst i Flokken, vaaro nøydde til at taka heile Landslyden, heile Aalmugen med seg, soframt dei skulde vinna nokot fyre sin eigen Part. Her var same Voni fyre Smaafolk og Storfolk; det den eine Parten vann elder tapte, det vann elder tapte den andre og. Og sidan det no gjekk so heppelegt av, at dei vigtugaste Raadgjerderna fingo Framgang og vordo samtykte av deim som dei mest komo ved, so kann ein med Sanning segja, at eit godt Umskifte var paakomet. Eit godt Grunnlag var upplagt til ein rettferdig Riksskipnad, ein ny Veg var opnad fyre Folket til at 191

Skrifter i Samling II

ein ny Upplysnings Ande var komen yver deim, som

stodo fremst i Folkahopen, daa Løysningsstriden i

Amerika, og Umstøyten i Frankrike hadde vakt upp

alle vitsame Folk til at tenkja paa ein betre Tilbunad

med Landsens Styr og Skipnad. Me ero mange som

kalla det eit heppelegt Tilhøve, at Løysningi kom i

den Tidi, daa Fridoms Anden var i sitt friskaste

Lag, daa Folk vaaro mest tilbøygde til den Tanken,

at Bonde og Borgar hadde same Rett til at styra

sin eigen Bunad og skipa si Styring so, at dei inkje

lenger skulde rekast fraa Trældom til Trældom, ut

or det eine Ovriket og inn i det andra, som fyrr

hadde voret deira vanlege Lagnad. Og her kunna

me vist ogso leggja til, at det var eit heppelegt Tilhøve

fyre vaart eiget Folk, at Fridomen var trugad

med store Faarar. Det var avgjort av framande Magter

at me skulde faa eit nytt Herredøme i Staden fyre

det gamle; dei vilde taka oss fraa det eine Riket og

leggja oss under eit annat; og soleides skulde Løysningi

verda berre ei Binding i eit annat Band. Skulde

her verda nokot gjort, som kunde hjelpa so laut

heile Landslyden standa trufast saman og gjera all

den Tilkostnad, som eit Folkaslag kann gjera, naar

det gjeld um Landsens Velferd. Her kunde inkje

verda nokon Hovdingastrid og helder inkje nokot

fullkomet Stormannsvald. Dei som stodo fremst i

Flokken, vaaro nøydde til at taka heile Landslyden,

heile Aalmugen med seg, soframt dei skulde vinna

nokot fyre sin eigen Part. Her var same Voni fyre

Smaafolk og Storfolk; det den eine Parten vann elder

tapte, det vann elder tapte den andre og. Og sidan

det no gjekk so heppelegt av, at dei vigtugaste

Raadgjerderna fingo Framgang og vordo samtykte

av deim som dei mest komo ved, so kann ein med

Sanning segja, at eit godt Umskifte var paakomet.

Eit godt Grunnlag var upplagt til ein rettferdig Riksskipnad,

ein ny Veg var opnad fyre Folket til at

191

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!