17.07.2013 Views

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

176 Skrifter i Samling II

kanskje kunde vera etterhugsande fyre deim, som

samna Segner her i Landet.

Fyrste Deildi av Boki heiter «Godfrødissögur» (mythiske

Sogor) og er skild i tre Greiner: Alfar (Huldrer),

Sæbuar (Sjo-vette) og Tröll (Risar). Her er det

at merka, at «Alfar» er paa Island det same som

«Huldufolk», so det er ingen Skilnad paa, utan berre

at «Huldufolk» er eit vænare elder mildare Namn,

som Alfarne sjølve hava sagt, at dei helst vilde hava

(S. 1). Her i Landet synest det derimot hava voret

ein Skilnad i Tanken um «Alv» (nokre Stader: Elv)

og «Hulder» (nokre St. Huld, Hulda, Uldr); men det

er mest likt til, at denne Skilnaden er uppkomen i

seinare Tider. I dei gamle Kvædi (so som i Edda)

finst myket um «Alf», men inkje um Hulder. I Sverike

og Danmark synest Huldrenamnet ogso vera

ukjent, derimot hava Svenskarne «Elfvor», og Danskarne

hava «Elver» elder «Ellefolk», soleides ogso:

Ellekone, Ellekonge, Elverhøi (= Hulderhaug). Dertil

kjem ogso, at vaart Alv er sedvanlega berre tenkt

som eit mannlegt Vette, so ein sjeldan høyrer tala

um Alvkona elder Alvkvende; derimot er Hulder

jamnaste tenkt som berre kvendeleg, so det er sjeldan

talat um Huldermann elder Hulderkall. Alt detta

vilde jamna seg best, naar ein fekk taka det so, at

Alv er det same som Huldermann, og Hulder det

same som Alvkona, endaa det inkje synest høva

godt saman med dei norske Segnerne. Men detta

vilja me avlata til deim, som hava nærre Tilføre til

at skoda paa Saki.

Men um inkje Huldernamnet er myket gamalt, so

er der daa ei Segn, som gjerer det gamalt nog likavel.

Denne Segni finst baade i Norig og paa Island.

Eg trur knapt, at ho er komi paa Prent i Norig,

men eg minnest grant, at eg hever høyrt henne fortald

nord i Landet, og Fortelnaden lydde, som her

fylgjer: Det var eingong, at Vaar Herre kom inn til

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!