17.07.2013 Views

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

han skal venda um atter, og koma paa ein god

Veg; og difyre er dan Mann sæl, som vender i fyrste

Lag, naar han er komen paa Uvegen. Da er betre

te sløkkja Elden paa Tilet en paa Taket. Og allerklokast

er dan, som lærer seg Visdom av annar

Manns Vanferd, og agtar seg fyre te koma i dan

Bakken, dar han ser, at so mange fara ned, og so

faae kjem uppatter.

UM DIKTING.

Skrifter i Samling II

Da er mange, som segja, at ein Fortelnad, som

er berre diktad, er ein falsk og faanyttug Ting og

skulde aldri voret skriven elder prentad. Dei ottast

fyre, at da er berre Grillor og Yrkjeløysa, som avlar

slikt, og at faatenkte Folk verta narrade av di og

tru, at da er sant altsaman. Dei meina da og, at

ærlege Folk maa hava so stor Vyrdnad fyre Sanningi,

at dei inkje gera seg nokor Skemting av slika Sogor,

som er logna og utruande. Dan Meiningen kann vera

rett nog i seg sjølv; men ein skal gera Skilnad paa

dei Tilfelli, daa da er naudsynlegt aa hava eit sant

og truverdugt Vitnesmaal, og paa dei Tilfelli, daa da

inkje er naudsynlegt. Naar ein skal fortelja nokot

fyre Aalvore um ein kend og namngiven Mann, so

skal ein fortelja da sannaste, som ein veit, og inkje

nokot annat; legg ein daa nokot attaat, so gerer ein

Urett, anten da so er til Skade elder Bate fyre dan,

som da er sagt um. Og naar ein skal fortelja nokot

fyre Aalvore um ein Tilburd elder eit Hendelse paa

ei viss Tid og paa ein kend og namngiven Stad, so

hev ein helder inkje Lov til aa segja annat en da,

som sant er. Men naar ein berre vil fortelja um eit

Huglynde elder ein Tenkjemaate, ei Vis elder Sed,

som er brukeleg einkvarstad, elder nokot slikt, daa

er da inkje naudsynlegt aa halda seg til Folk,

161

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!