17.07.2013 Views

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Skrifter i Samling II

OLAV. Eg er or Uppdal, nordanfyre Fjellet.

HALVAR. Og denne Gjenta er vel og nordantil?

OLAV. Ja, det er Dotter mi.

AAMUND. Nei, er det rimelegt? Og heve faret so

lang Veg! Kanskje de hava Kjenningar her i Byen?

OLAV. Ja, d’er ikkje fritt. Og so er dei so forvitne

desse Ungdomarne, at dei var tilfreds dei kunde

fara heile Verdi i Kring. Elles er det no vandelaust aa

fara yver Fjellet no, naar det høver til, at d’er fint

Føre og vel vegat; fyre daa er det no so, at d’er

meir Moro en d’er Møda, maavita.

AAMUND. Aa ja, d’er godt aa faa sjaa seg um i

Landet ein liten Grand baade fyre Kar og Kvinna.

Naar ein heve Hug til det og heve nokot te fara

med, so vert ein ikkje galen utav di. Men kvat synest

du sjølv, Gjenta – tykkjer du ikkje d’er liksom

undarlegt, naar ein kjem so langt avstad og paa slik

Stad som her?

RAGNILD. Aa jau, d’er liksom nokot undarlegt;

men eg tykjer d’er morosamt aa vera der, som er

myket Folk. D’er daa inkje so langsamt og so audslegt

som d’er uppi Bygdom hjaa oss.

AAMUND. Nei, d’er Skil paa det. D’er ikkje so

stilt um Øyro her, som d’er uppi Einbølom i Fjellbygdi.

Og so vert her no mangt morosamt baade te

sjaa og høyra no i Marknaden, maavita; fyre det

plar no alltid vera eitkvart Slag te bisna paa i dei

Bilom. No i Aar er det Stortinget ogso attaat alt

annat. Den som heve Hug te høyra paa det eikor

Stundi, so er det Raad til det og.

GURO. Men er det so, at det fær høyra paa deim

kven som vil?

HALVAR. Ja daa, – so mange som fær Rom paa

Trevet; men det er no ikkje so fælt mange, fyre

d’er myket for litet Rom der. Det kann gjerna

henda, at du inkje slepp inn fyrste Dagen og kanskje

inkje den andre helder.

15

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!